SFO 2011/2012

SFO skal:

  • vera ein trygg stad å vera for elevane utover skuletida
  • gje barna omsorg og tilsyn
  • ta utgangspunkt i barna sine behov
  • leggje vekt på eit positivt og utviklande behov
  • leggje tilrette for leik, kultur og fritidsaktivitetar 

Organisering av skuleveka ved skulen.

2.-7. trinn har skulestart alle dagar kl. 8.30.

Skuleslutt måndag, onsdag og fredag kl. 13.30,
skuleslutt tysdag og torsdag kl. 14.15.

1. trinn har same skulestart og skuleslutt alle dagar, men har fridag onsdagen. 

Opningstider:

Før skuletid:
Pr. dato er det ikkje tilbod om SFO før skuletid, men dette er avhengig av nok påmelde.

Etter skuletid:
Frå kl. 13.30-16.15 på måndagar og fredagar, frå kl. 14.15-16.15 på tysdagar og torsdagar. Eventuell leksehjelp er lagt inn i denne tida, og går til fråtrekk frå opphaldstida. 

Heil dag- onsdagen:
Pr. dato er det ikkje noko tilbod om SFO på fridagen, men dette er avhengig av nok påmelde evt. samarbeid med andre skular.  

Kryss av på den elektroniske søknaden for aktuelt tidspunkt før og etter skuletid evt. heil dag. Det skal vera minst fem barn dersom eit tilbod blir oppretta.

Den elektroniske søknaden gjeld SFO på skulen sine ordinære dagar. Tilbod om SFO i feriar og på skulen sine fridagar vil ha eigne påmeldingar seinare.  

Betalingssatsane vil vera avhengige av antal SFO-brukarar, men eit førebels anslag etter dagens SFO-ordning er:

  •  0-6timar:          kr. 600 ,-
  • 6.15-10 timar:  kr. 950,-
  • 10.15-16timar: kr.1500,-
  • Over 16 timar: kr.1800,-

På bakgrunn av innmeldt behov i hovudopptaket blir åpningstid og betalingssatsar fastsett. Etter at dette er vedteke i SU, blir informasjon om SFO-året 2011/2012 sendt ut i samband med svar på søknaden. 

Oppseiing/reduksjon av tildelt plass.
Oppseiing eller reduksjon av SFO-plassen er på ein månad og  blir rekna frå den 1. i påfylgjande månad. Ved oppseiing etter 1. april, må foreldra betale for plassen fram til sommarferien. Oppseiinga skal meldast elektronisk frå heimesidene til Ål kommune.

Vel møtt til eit nytt SFO-år!

 

Publisert
03.02.2011
Sist endret
03.02.2011
Publisert av
Per Egil Kolsrud

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune  

Snarveier