SFO skal vere ein trygg plass for barna å vere utover skuletida, gje barna omsorg og tilsyn, samt leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar.
Opningstider
Før skulestart kl. 7.30-8.40.
Etter skuleslutt kl. 14.15 (kl 12.45 onsdag og kl 13.15 fredag) til kl. 16.15 (alle dagar).
Onsdag kl 7.30-16.15 for 1. og 2. trinn.
Eventuell leksehjelp er lagt inn i denne tida, og går til fråtrekk frå opphaldstida.
Etter vedtektene for SFO må det vere minst 5 påmeldte for at tilbodet vert oppretta.
Foreldrebetalinga for SFO er førebels fastsett slik:
- 0-6 timar: kr 600,-
- 6.15-10 timar: kr 950,-
- 10.15-16 timar: kr 1 500,-
- Over 16 timar: kr 1 800,-
På bakgrunn av innmeldt behov i hovudopptaket vert åpningstid og betalingssatsar fastsett. Etter at dette er vedteke i SU, vert satsar for SFO-året 2011/2012 sendt ut i samband med svar på søknaden.
På SFO har vi eit enkelt, lite måltid på ettermiddags-SFO.
Det er mogeleg å kjøpe einskilddagar:
Morgon-SFO kr. 40,00. Ettermiddags-SFO kr. 60,00
Feriar/planleggingsdagar
SFO er ope i 38 veker + på planleggingsdagar i skuleåret, og fylgjer elles skuleruta.
I feriar er det eit samarbeid mellom Leveld, Sando og Torpo om SFO-tilbod. Nedre-Ål har tilbod om SFO i alle feriar (eige skriv om ferie-SFO vert sendt ut seinare).
Oppseiing/reduksjon av tildelt plass
Oppseiing eller reduksjon av SFO-plassen er på ein månad og blir rekna frå den 1. i påfølgjande månad. Ved oppseiing etter 1. april, må foreldra betale for plassen fram til sommarferien. Oppseiinga skal meldast elektronisk frå heimesidene til Ål kommune.