Skulefritidsordninga (SFO) skal vere eit tilbod før og etter skuletid, samt på dei undervisningsfrie vekedagane for barn på 1. - 4. trinn. SFO skal også vere eit tilbod for barn med spesielle behov på 1. - 7. trinn.
SFO skal vere ein trygg stad for barna å vere utover skuletida, gje barna omsorg og tilsyn, samt leggje til rett for leik, kultur- og fritidsaktivitetar.