Skattebøl skule er ein full-delt grendeskule, 1.-4.klasse, som ligg ca. 3 km. frå Ål sentrum. Skulen der den no ligg, er bygd i 1980 og andre byggesteg med m.a. gymsal kom i 1997. Skulen har eit stort uteområde med grasfotballbane, leike- og aktivitetsapparat, skiløype (2 km ) og uteskule i Juveskogen.
Fakta for skuleåret 2010 - 2011:
Elevtal:
Skulen har pr 19. august 2010 50 elevar
15 elevar i 1. , 10 elevar i 2., 13 elevar i 3. og 12 elevar i 4. klasse.
Alle har 5 dagars skuleveke.
Tilsette:
5 lærarar, rektor og to skuleassistent.
På SFO er det tre tilsette. SFO er ope alle dagar morgon og ettermiddag. (Meir å lese under SFO kapitlet.)
Info til foreldra:
"Skattebølposten", Vekeplanar, It`s learning