Skulen ligg 5 km aust for Ål sentrum, ved foten av Liagardane. Skulen er ein fådelt 1-7 skule med 42 elevar. Det er 5 lærarar, 2 assistentar og rektor.
Vi har dette skuleåret SFO 3 ettermiddagar i veka, og leksehjelp ein ettermiddag i veka.
Sjukefråveret er lågt, og trivselen er høg blant dei som arbeidar her!
Skulen har fast jule- og sommaravslutning for alle elevar og føresette, i samarbeid med FAU.
Vi har 7 haustturar og 7 vårturar som rullerar (t.d. Aurland-Flåm-Bergensbanen, Kongsberg og sølvgruvene, Langedrag, Bjørneparken og Lauvdalsbrea).
I tillegg har vi langrennsdag og slalåmdag.
FAU arrangerer kvart år elevkveld med aktivitetar/leik, musikk og mat.
Skulen har god plass: Fem klasserom, nokre grupperom, eit sløydrom, gymnastikksal, kombinert bibliotek og SFO-rom (som er nyrenovert) og eit aktivitetsrom med ideell plass for faga "Mat-og-helse" og "Kunst-og-handverk". Skulen har plass til å huse 80 elevar.
Vi har eit flott uteområde, der det er god plass til leik og fysisk aktivitet.
Vi har fotballbane og sandvolleyballbane.
Elles blir det spelt basketball, kanonball, smashball og badminton. Det er vegbygging i sandkassa, leik i dokkestugu, klatring eller aking i leikestativet, husking, dumping eller paradishopping.
Aktivitetsløypa vart ferdig våren 2008 med taubane, balansetau, hengebru av bildekk, balansehuske og trestubbar til å hoppe på. Denne blei bygd på dugnad av foreldra, noko som vitnar om godt foreldreengasjement.
Om vinteren er det mykje aking og bygging av snøhytter. Vi har langrennsløype på det nærmaste jordet. Foreldra køyrer opp løypa kvar gong vi vil bruke han. Vi har til og med ein hoppbakke nedanfor skulen. Skøytebane hender det òg at vi lager til.
Skulen er bygda sitt grendahus, og blir brukt til ulike aktivitetar kvar kveld. Innebandy, volleyball, trim, bryting og lausdans er nokre av aktivitetane. 4H og bondekvinnelaget er òg nokre av dei som bruker skulen.
Elles er det 17.-maifeiring her kvart år, i regi av FAU.

Skulen blei bygd i 1892.
I 1956 blei det bygd ein ny fløy med sløydsal, handarbeidsrom, gymsal og nytt sanitæranlegg. Kostnad: 85 000 kr.
Gymsalen blei bibliotek i 1983.
Eit nytt tilbygg stod ferdig i 1983; med gymsal, nye klasserom og personalavdeling. Kostnad: 3.425.761,67.
Aktiviteten ble ombygd med nytt kjøkken i desember 1992.
I seinare tid har skulen fått ventilasjonsanlegg, og det har blitt gjort tiltak mot radon både i luft og vatn.
Det har blitt sett inn nye vindauge og nye dører, og vi har også installert alarm.
Nye dusjar har vi også fått.