Heilårs skulefritidsordning ved Nedre Ål skule

Nytt tilbod
NEDRE-ÅL SKULE vil no starte opp med eit tilbod til alle elevar i Ål kommune om å få vere på vår sfo i skuleferiane.

Det har vore ei kartlegging ved alle skular i kommunen, og det viser seg at det er behov for ope sfo i skuleferiane. Problemet har vore at det ikkje har vore nok påmelde i kvar skulekrins til å halde ope.

No tek me på Nedre-Ål dette som ei utfordring, og me trur det er eit behov fordi foreldra ikkje har ferie samstundes (eller like lenge) som ungane.
Fleire føresette har ungar i både barnehage og skule og dette er for mange ei stor utfordring.


Prisen på 150-250 kr. pr dag for ferie-sfo har vore altfor høg.


Med eit etablert tilbod i egna lokale vil me kunne ha eit godt tilbod til alle småskuleelevane i kommunen til ein pris som ikkje er høgare enn den me har for vanleg sfo

Me sender i fyrste omgang denne orienteringa til alle småskuleelevane ved Skattebøl og Nedre-Ål skular. Til hausten går tilbodet ut også til dei andre barneskulane.


Tilbodet sommaren 2007 er sommar-sfo i vekene 26 - 32 – 33.


Me vil halde ope i haustferien 2007 og heile 2008 unntatt i juli månad. Juli vil kvart år vere stengd.

Me vil ha nyopna skulegard for småskuletrinnet i august 2007.


Opningstida vert lagt etter som de har behov for, og tal på vaksne er 1 vaksen pr. om lag 12 barn. Veke- og dagsplanar tek me sikte på å lage til undervegs slik at me tek fyrste året som eit prøveår der meg gjer erfaringar som me tek me oss vidare.


Sjå ellers våre heimesider for nærare informasjon: Nedre Ål skule
Publisert
24.05.2007
Sist endret
28.01.2008
Publisert av
inger-l

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune  

Snarveier