Legat

Skulelegat i ÅL:

Utdanningsstipend - ADA Scholarship Foundation - Ål

ADA scholarship Foundation har som føremål å oppmode studentar frå Ål til å gjennomføre eit akademisk studium over eitt år i USA.
Stipendet er på 10.000 US Dollar og vert delt ut ein gong årleg til ein søkjar. Søkjar må fylle følgjande føresetnader:

  1. Vore busett i Ål kommune minst 10 år.
  2. Ha minst 3 år studie ved høgskule eller universitet bak seg, men ikkje i USA.
  3. Ikkje ha fylt meir enn 30 år i søknadsåret.

Søknaden skal sendast Ål kommune, oppvekstkontoret, 3570 Ål, inna 7. desember 2011, og må innehalde godkjent stadfesting av:

  1. Fødselsnr.
  2. Bustad ved fødsel til d.d.
  3. Oversyn over all utdanning fram til d.d., samt plan for eitt-årig studium ved universitet eller høgskule i USA, evt med stadfesting av opptak.

Nærare opplysningar og fullstendige statuttar for stipend kan ein få på Servicetorget, Tingstugu.

Tildeling skjer i januar 2012.

 

Ål skulelegat og Ragnhild Hagens legat

Ål skulelegat og Ragnhild Hagens legat kan dele ut midlar til søkjarar i vidaregåande utdanning som studerer og bur utanom Ål.
Eiga likning for siste år må følgje søknaden, saman med oversyn over studiestad, studieemne/fag, normert studietid, når studiet er starta, studielån og andre stipendmottak i samband med gjeldande utdanning.

For tildeling av stipendmidlar gjeld følgjande overordna retningsliner:

  1. Føremålet med legata er primært å gje tilskot til reise- og opphaldsutgifter for ungdomar som tek vidaregåande utdanning innan fagområder som det ikkje vert gjeve tilbod om ved vidaregåande skular i Hallingdal.
  2. Dersom det ikkje er søkjarar inna denne kategorien, kan stipenda delast ut til studentar på høgskule og universitetsnivå.
  3. Søkjarar må ha fast bustadadresse i Ål.

 

 

Publisert
30.08.2011
Sist endret
30.08.2011
Publisert av
Inger Lervåg

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune  

Snarveier