Ål kulturskule

Piano 

 

Ål kulturskule har som mål å gje instrument- og songundervisning, dans- og teaterundervisning, og kunstskule til alle born og unge som ynskjer dette i Ål kommune.

Hovudmålsetjinga er å utvikle dei skapande og kreative evnene hjå elevane, og gje dei kunnskap og innsikt innafor eige arbeidsfelt, og i tillegg ei generell forståing av kunst og kultur.

Ål kulturskule er ein betydeleg aktør i kulturlivet på Ål, og har nær 370 elevar i alderen 4 til 19 år i skuleåret 2010/2011 . Dette er også det største elevtalet skulen har hatt nokon gong! Dette gjer Ål kulturskule til den største kulturformidlaren til born og unge i Ål kommune utanom grunnskulen. Kulturskulen er ein svært viktig leverandør av talent både til grunnskulen og til kulturlivet generelt.

Skulen held til i Ål kulturhus, som er det regionale kulturhuset i Hallingdal. Der har skulen gode undervisningsrom både til musikk, dans og drama, i god sambruk med kulturhuset.

Alle søknader om elevplass skal gå elektronisk. 
Elektronisk søknadsskjema finn du her

For meir informasjon: Sjå kulturskulen sine nettsider   

Publisert
06.12.2007
Sist endret
02.02.2011
Publisert av
Jo Asgeir Lie

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune  

Snarveier