Disposisjonsplanar

23.06.2010 vedtok Ål kommune arealdelen av kommuneplanen. Fram til då hadde det vorte gjort sakshandsaming på 34 eldre disposisjonsplanar som til då var gjeldande. Planane hadde då same status som ein reguleringsplan. Planane var vanskeleg å drive sakshandsaming etter, då dei hadde dårleg kartkvalitet. Planane var frå 60 – 70 talet og tomtene var i hovudsak tenkt for mindre hytter av låg standard

Gjennom prosessen med rullering av ny arealdel har Ål kommune oppheva alle disposisjonsplanane i kommunen, og erstatta dei med byggjeområde i staden.

Utsnitt av plankart

Døme på disposisjonsplan: Plan nr 159 Torsbu hyttegrend.

Det var berre disposisjonsplanar som var stadfesta av Fylkesmannen i Buskerud som var formelt gyldige. Dei planane som ikkje hadde denne stadfestinga var ikkje å sjå på som godkjente planar. Dei hadde dermed ingen formell planstatus.

Godkjente disposisjonsplanar
I tabellen under finn du ein oversikt over alle dei før godkjente disposisjonsplanar i Ål kommune. Klikk på plannavnet for å sjå disposisjonsplanen digitalisert.

Nr Navn Tal tomter Ledige tomter
1 Stokksendvatnet 5 2
4 Halleset hyttefelt 7 0
7 Randane hyttefelt 5 1
8 Jordet hyttefelt 8 2
9 Turrhaug hyttefelt 52 1
11 Grønli hyttefelt 48 4
13 Feten hyttefelt 7 3
16 Kråkehovda hyttefelt 23 0
17 Breie hyttefelt 107 20
19 Skarsgard hyttefelt 7 5
20 Stavestølen hyttefelt 20 13
22 Torsbugjerda hyttefelt 4 0
27 Toresgard hyttefelt 4 3
29 Tangeskog hyttefelt 8 2
30 Gaurhovdstølen sameige 12 6
33 Vats hyttegrend 18 3
34 Nystølen hyttefelt 25 3
36 Fjellstølen hyttefelt 19 3
37 Rabbehalle hyttefelt 2 0
38 Plassestølen hyttefelt 8 1
39 Barskrind søndre hyttefelt 6 4
40 Sangefjell 1 25 0
42 Sangefjell 2 101 6
45 Osestølen sameige 2 0
46 Hagaheimstølen hyttefelt 8 2
47 Heimstølhovda hyttefelt 6 0
52 Kjellargard søre hyttefelt 6 3
54 Fåreslettene hyttefelt 3 2
60 Larshallremmen hyttefelt 3 0
61 Knutstølhovda hyttefelt 2 0
62 Teigen - Hestebrekk 4 2
69 Bergmo hyttefelt 4 1
88 Jøtatorsbu hyttefelt 8 0

Ledige tomter pr 01.01.08  

Disposisjonsplanar som ikkje er gyldige
I tabellen under finn du ein oversikt over disposisjonsplanar som ikkje var godkjente/ikkje var gyldige. 

Nr Navn FM Tal tomter Ledige tomter
5 Langeli hyttfelt Nei 4 0
10 Sirestølen hyttefelt Nei 23 1
12 Solheim hyttefelt Nei 4 1
18 Leikvollstølen hyttefelt Nei 4 0
24 Gunngjørgdekkene hyttefelt Nei 5 0
25 Maristølen hyttefelt Ikkje oppst. 14 14
28 Mysetmyrene hyttefelt Ikkje oppst. 5 5
31 Rimeslåtta - Kolbjørnstølen hyttefelt Nei 5 0
48 Melsethaugen hyttefelt Nei 11 0
51 Tveitehaugen hyttefelt Nei 4 2
58 Holostølen hyttefelt Nei 1

1

127 Buhovd, Steinstølen, Olset hyttefelt Nei 77 68
159 Torsbu hyttefelt Nei 25 5

 

Digitalisering av godkjente disposisjonsplanar
Ål kommune har digitalisert planane – dvs teikna av planane etter beste skjønn – og lagra dei i den digitale kartbasen for Ål.

Disposisjonsplan - ny arealdel for Ål kommune
Alle disposisjonsplanane er oppheva gjennom arbeidet med ny arealdel av kommuneplan.

Disposisjonsplanane er i staden avsett som eksisterande byggjeområde i ny arealdel. Men planar som har tomter eller der heile planområdet ligg sårbart må få ein ny vurdering.

 

 

 


 

Publisert
18.01.2008
Sist endret
13.02.2012
Publisert av
Berit Heitmann

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune