Avlaup Sangefjell

Her finn du informasjon om arbeidet med å utgreie alternative løysingar for avlaupsløysing for hyttene på Sangefjell

Tilbod om tilkopling kommunal kloakk

Ål kommunestyre gjorde følgjande vedtak 25. august 2011:

Ål kommunestyre gir følgjande tilbod til hytteeigarane på Sangefjell 1, 2 og 3 og evt andre aktuelle område av Sangefjell:

 1.      Ål kommune kostar hovudledning frå Kleivi til Sangefjell på strekninga merka 01 til 02 som vist på kart frå Asplan Viak datert 17.6.2011. Hovudledning vidare på Sangefjell og stikkledningar må kostast av hytteeigarane. Ål kommune tek over pumpeledning og fall-ledninga på strekninga frå 02-R2 og pumpestasjonen R2 og drifta av desse.

2.      Med heimel i forureningsforskrifta (FOR 2004-06-01) § 16-5 vedtek kommunestyret at tilkoplingsgebyr for kvar hytte er kr 8500.- + mva. I tillegg kjem anleggstilskot for kapasitetsauke på Ål Renseanlegg for hytter bygd før år 2000 med kr 17 100.- og for hytter bygd i år 2000 og seinare kr 22 800.-. For ubygde tomter er prisen den same:

      kr 22 800.-.

3.      Svarfristen er sett til 1. november 2011.

Saksutgreiing og handsaminga av saka i sektorutval for teknisk, næring og ressurs, formannskap og kommunestyre kan du lesa her

Situasjonskart 17.6.2011

Notat frå Asplan Viak as

Områdereguleringsplan for Sangefjell

Som oppfølgjing av kommunestyret sitt prinsippvedtak 17.3.11 (sjå under) er det no varsla oppstart av arbeidet med ein områdereguleringsplan for heile Sangefjellområdet. Frist for å koma med innspel til planarbeidet er 5. mai 2011.

Samstundes er det sendt ut førehandsvarsel om mogleg mellombels forbod mot tiltak i området. Frist til å koma med merknadar til dette varselet er 14. april 2011. Dei som treng lenger frist får utsett den til 5. mai 2011.

Dokument:

Brevet som er sendt alle med eigedom på Sangefjell

Kart som syner avgrensinga av planområdet.

Politisk handsaming våren 2011:

Kommunestyret gjorde følgjande prinsippvedtak i sitt møte 17. mars.

Gjeld kommunestyrevedtaket mi hytte? Kjenner du vegadressa til hytta di, kan du slå opp her

 Saksutgreiinga  til Sektorutval for teknisk, næring og ressurs si tilråding til kommunestyret finn du her.

Informasjonsmøte mellom Ål kommune og velforeningane 28 januar 2011.

Velforeningane presenterte sine planar og sitt syn på saka for Ål kommune på møte den 28. januar.

Referatet frå møtet finn du her.

Lovheimlar for å krevja nye utsleppsløyve/felles avlaupsløysing

Presentasjonane til hyttevelforeningane kan du lesa under:

Sangefjell 2 og 3

Sangefjell 1

Turrhaug/Nystølen

Politisk handsaming våren 2011:

Sektorutval for teknisk, næring og ressurs vil handsame saka på nytt i ekstramøte den 8. mars. Kommunestyret skal gjera endeleg vedtak i saka i sitt møte 17. mars. Saksutgreiinga finn du her.

Politisk handsaming hausten 2010: 

Sektorutval for teknisk næring og ressurs handsama saka  26. oktober 2010. saka gjekk vidare til formannskapet 6. desember og til kommunestyret den 16. desember 2010.

Les saksutgreiing og vedtaka her.

Vedlegg til saksutgreiing: Skisse til kostnadsmodell for felles avlaup og Praksis for avlaup til tett tank i nokre utvalde kommunar

 

Politisk handsaming hausten 2009:

Sektorutval for teknisk, næring og ressurs (STNR) gjorde i møte 24. november 2009 vedtak om kva rammer som skal leggast for nærare utgreiing av alternative løysingar for framtidig avlaup for Sangefjell.

Les saksutgreiinga og vedtaket i STNR

Etter at rammene no er lagt for det vidare utgreiingsarbeidet, skal administrasjonen saman med representantar for velforeningane på Sangefjell greie ut ulike alternative løysingar.

Kursdag om alternative avlaupsløysingar (små og mellomstore avlaupsanlegg) på Ål kulturhus fredag 15. januar 2010:

Kursdeltakerane fekk ei kort innføring i naturbaserte avlaupsløysingar v/Tore Østerås, Forsvarsbygg

Kontaktinformasjon for leverandørar av dei anlegga som vart presenterte på kurset

Referat frå informasjonsmøte 14. august 2009

Ål kommune har fått inn opplysningar om vass- og avlaupstilhøva på dei fleste hyttene. Viss de tframleis er nokon som ikkje har svart, kan de bruke dette skjemaet.

 Her kan du lesa forprosjekt om felles avlaupsledning for Sangefjell

Kart som syner mogleg område for tilkopling til eventuell felles kloakkledning

Publisert
19.08.2009
Sist endret
29.09.2011
Publisert av
Reidun Aaker

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune