Votnakraft

For bebuarar i Votnadalføret.

Utdrag av reglar for tildeling av votnakraft:

1.Votnakrafta er 300 KW gratiskraft til "Votnadalens beboere".
Omrekna til full brukstid: 2.628.000 kwt. Denne krafta skal delast på det antal høvestal som gjeld pr. 1. oktober kvart år.

Abonnenten får godskrive på straumrekninga si
- heile grunnavgifta
- verdien av dei kwt. som er tildelt vedkomande
- mva på dette. frårekna administrasjonsutgifter til kommunen med 1/6-part. El.avgifta og mva. på denne blir ikkje refundert.

2.
Votnakraft kan - etter søknad- tildelast fastbuande folk på særskilt matrikulert eigedom i Votnadalføret. Krafta skal inndragast når fast busetnad opphøyrer og ved eigar/brukarskifte.
Det blir ikkje tildelt Votnakraft til meir enn ein søkjar på kvar matrikulerte eigedom (kvart gnr. og bnr.)
Ein må vera straumabonnent i Ål Kraftverk/Hallingkraft for å få Votnakraft.
Med fastbuande er meint at vedkomande må vera registrert med eigedomen som si fastadresse i Hallingdal folkeregister.

3.
Delinga skjer etter fastsette reglar om høvestal, varierande frå 2 og oppover. Det blir m.a. teke omsyn til om vedk. eigedom har strandrett til elva Votna, om vedk. har "salgskraft" m.v.

4.
Kommunestyret vel for kvar valbolk eit styre for Votnakrafta.
Styret har 5 medlemer. Tre av dei skal vera frå Votnadalføret ( ein frå kvar av grendne Vats, Leveld og Votndalen). Det er klagerett til formannskapet over dei avgjerder Votnakraftstyret har gjort.
Eit mindretal i Votnakraftstyret kan dessutan krevje ei sak lagt fram for formannskapet.
Ål Kraftverk KF er sekretariat for styret.

Votnakraftstyret
er for perioden 2011 - 2015:

 

Ordførar
Varaordførar
Ole Tor Oleivsgard
Inger Elise Kaslegard
Astrid Rystad Ødelien

Søknadsskjema finn du her

Søknad om Votnakraft  vert sendt til:

Votnakraftstyret
v/ Ål Kraftverk KF, Tingstugu
Torget 1, 3570 Ål.

Publisert
11.12.2007
Sist endret
05.01.2012
Publisert av
Inger Lervåg

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune