Reisebrev frå Ingrid og Ståle

Her kjem reisebrev frå dei to norske deltakarane i fredskorpsutvekslinga som har vore i Sololá sidan oktober 08.

Fyrst frå Ingrid Løkensgard Bakkeplass

 


Så kjem det omsider litt oppdatering frå Mayaland.. Og ja, e har det bra!!! Har det heilt storarta!
 
 
Det er verkeleg eit liv i annsleis-verden. Den lokale marknaded her er ei oppleving i seg sjølv. Ein kan kjøpe ALT der, det bugnar av varer. Såper både til kropp og golv, sko, klær, truser, BH-ar, hårpynt, cd-ar og dvd-ar, urter, blomar, korger, kjøt, kyllingar - levande og daue, servise, bestikk og frukt og grønsaker i lange baner. Tre dagar i veka er det stormarknad, og rett og slett for mykje folk. Det er best å unngå desse dagane, då er det eit ork å pløye seg gjennom folkemengda. Og utan tvil, spisse alboger som rår..
 
Dagane her flyg avgarde med diverse aktvitetar, sosialt og jobbmessig. Den viktigaste jobben til no har vore å lære seg spansk. Spansklæraren vår er ein ung mann på 27 år frå Sololá. Eg byjra med spanskundervisning tre timar to dagar i veka og auka opp til tre timar tre dagar i veka etter ei stund. Det går framover, og det er utruleg kjekt. Og ikkje minst heilt avgjerande for å vere her. Her i Sololá kjem ein ingen veg med engelsk., som han heiter, er sjølv frå Mayaslekt og har masse og tilføre oss om dette landet her. 
 

Eg er her i lag med min kollega Ståle og hans familie; kone og fire born i alderen 3-10 år. Ein herleg gjeng! Me tilbringer mykje tid i lag, så godt som kvar dag. Me har vorte kjent med mykje lokale folk her, og har mykje sosialt med dei. William, spankslæraren vår, er ein av dei me tilbringer mykje tid i lag med. Han spelar i band, tradisjonell musikk herifrå, og me har vorte godt kjent med dei tre andre i bandet hans. Ein av dei heiter Alberto, og er ein av dei to nye deltakarane i prosjektet. Han og ein til reiser til Ål i slutten av januar. Folk her er utruleg venlege og det manglar ikkje på invitasjonar. Det vert litt travelt innimellom, men me takkar ja med opne armar og er med på det som skjer. Me har vore på besøk på kommunehuset, dei holdt velkomstfest for oss då me kom, besøk på dei to skulane me skal jobbe på nyåret, besøk hjå rektoren på den eine skula, ein utruleg sympatisk mann. Han tok oss blant anna med på ei teater- og musikkforestilling som fokuserar på det tradisjonelle i Mayakulturen.


 
Ståle er lærar i engelsk og gym. For nokre vekar sidan hadde me eit to vekers engelskkurs for lærarar her i området. Ståle som sjef, eg som assistent, sekretær og adm. ansvarleg. I tillegg hadde eg nokre timar med førstehjelpsundervisning på kurset. Eit veldig vellykka kurs. Og utruleg kjekt.

 

  
 
 Jobben vår tek for alvor til i januar. Eg skal jobbe med førstehjelpsundervisning på skulane i området her. I hovudsak til lærarar, men også litt til elevar. Så ska eg jobbe på lokale helsesenter/legesenter. Dette er det som er sikkert til no.
 
 Og så fyrverkeri... Er det noko dei er ivrige på her i dette landet så er det det.. Kvar dag i desember-månad har det vore fyrverkeri her, morgon som kveld, spelar ingen rolle

 

Og her kjem ei helsing frå Ståle Berge som har med kone og fire born:

Hei alle samen!                                                                            

 Sololá 21.12.08

Reisa hit gjekk utrulig bra, me var på reis i nesten eit døgn. Ungane var eksemplariske, det gjekk kjempe fint. Me sov, åt og spelte kort. Me var framme i Guatemala City klokka 2200, då var me stup trøtte og hadde berre lyst til å legga oss. Kor var bagasjen? Me hadde med oss 14 koffertar…… Det gjekk to døgn til før me kunne reise videre til Solola. Frå hovedstaden til Solola er det 3 timar i buss på en svært dåeleg veg. Frå Mai til Oktober er det regntid her, og det var nesten dagleg jordras på vegen, ein må alltid rekne med litt ventetid. I køen er det mulig å få kjøpt både mat og drikke.

Me flytta inn i eit nytt murhus, der alt er lysegrønt, det er litt kaldt om kveldane, fordi det er store gliper rett ut. Me har vatn og utslagsvask ute i patioen, der vaskar me opp og vaskar kler. Det varme vatnet i dusjen varer kun få minutter, så ein må vere rask med å få såpa ut av håret. Ungane likar ikkje så godt å dusje…. Alt toalettpapiret går i bossbøtta, doen har kun vore tett ein gong.

Ellers så handlar me det meste på markedet, der får ein kjøpt det meste og litt til. Blei nok litt lurt på prisane i starten, ein må alltid prute, er blitt bedre på det nå. Markedet her er ein opplevelse, det kryr av folk og dyr, og det er mange ulike luktar og lydar. Jakob er svert fascinert av alle dyra, kalkuner, høner, og hundar……..Folka her er blide og vennlige, men på markedet er det masse knuffing. Då er det viktig å komme fram og få gjort det ein skal. Store og små tar alle varene på hovudet og går på.

Nå er me akkurat komme heim frå ein flott tur til Stillehavskysten. Plassen me var på heite Montericco og me bada og kosa oss i 3 dagar. Det var fantastisk med 30-40 grader varmt kvar dag og flotte solnedgangar. Ungane kosa seg i bassenget og i havet der det var store bølger.

Me blir stadig invitert i forskjellige selskap og aktiviteter. I dag har me vore i selskap hos spansklæraren vår med familie og i bursdagsselskap til kona til husverten vår. Det var svært hyggelig. På julafta er me invitert til ein venn, det blir hyggeleg. Men me må vente med pakkane for dei åpnar dei ikkje før etter midnatt. Spørst om me ikkje åpnar nokre tidlegare på dagen! Ellers så har dei julatre her òg, me har kjøpt eit men det er av plast. Ikkje lett å få tak i edelgran her!

Dagane går med til spanskundervisning, skule heime for ungane og masse besøk!

Me kosar oss i Guatemala sjølv om me saknar alle heime. Mykje å gjere og masse nytt å sjå. Fortsatt er me fascinerte av trafikken, alle lydane og kor masse det er mulig å bere på hovudet.

 

 

 

 

 

 


 

Publisert
07.01.2009
Sist endret
09.02.2009
Publisert av
Inger Magnum

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune