Venskap Ål-Sololá

Venskapsavtala mellom Ål kommune og Sololá kommune i Guatemala vart underteikna i mai 1999 og er fornya siste gong i mars 2005. Avtala omfattar erfaringsutveksling om lokaldemokrati, likestilling, miljøvern, reiseliv, kultur, landbruk og skule.

 

 

Treff på Que Pasa tysdagar  kl. 18.00 - 20.00

Det er og mogeleg å treffa dei på Que Pasa tysdagar mellom kl. 18.00 og 20.00. Då kan alle som vil prate eller lære spansk, og/eller er interessert i Guatemala og Latin Amerika møte opp til uformelt samvær.
 

Venskapssamarbeidet mellom Ål og Sololá har to store prosjekter gående.

Utveksling med Fredskorpset.

Runde 5 startar opp i oktober 2010. Sjukepleiaren Trude Veslegard (27 år) og fysioterapeuten Bjørn Egil Totland (24 år) reiser til Guatemala for å jobbe der i 10 månadar. I løpet av 2011 kjem attvisitten med ein fysioterapeut og ein sjukepleiar frå Sololá som skal jobbe i Ål i 10 månadar.

Les bloggen til Trude

Les bloggen til Bjørn Egil

I dei tre første rundene har det delteke lærarar.

I 4. runde deltok læraren Ståle Berge med familie  og  sjukepleiaren Ingrid Løkensgard Bakkeplass. Dei arbeidde i Sololá  frå oktober 2008 og ut juli 2009.

 

I perioden februar  til november 2009  arbeidde  to nye lærarar frå Sololá i Ål: Juan Luis (26 år) og Alberto (29 år).

Dei arbeiddde på Ål ungdomskule og på Nedre-Ål skule kor dei var med i undervisninga i spansk, musikk, kunst og handverk, matematikk og naturfag. I Juan Luis sin blogg frå opphaldet på Ål finn du mykje foto og anna.

 

 

Gro Offerdal og Hilde Bjørnsvik            var dei fyrste deltakerane i lærarutvekslingsprogrammet      mellom Ål og Sololá.

Her finn du meir om fredskorpset

Kvar fredag er det stor marknad i Sololá.

 
     

 

MIC- prosjektet

er det andre store prosjektet, kommune til kommune samarbeid (Municipal International  Cooperation Programme). Dette prosjektet er finansiert av Kommunenes Sentralforbund.

Prosjektet ble satt i verk i mai 2008 og satsingsområdene er deltaking i lokalstyre og kvinners deltaking i lokaldemokrati.

 

Her er meir informasjon om MIC

Publisert
11.12.2007
Sist endret
09.12.2010
Publisert av
Reidun Aaker

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune