Strategisk Næringsplan for Ål 2009-2012

Den første strategiske næringsplan for Ål kommune vart skrive for perioden 2001-2004 og den neste for 2005-2008. Strategisk næringsplan vert nytta som grunnlag for prioriteringar innan næringsutvikling i gjeldande periode.
Strategisk næringsplan (SNP)for åra 2009-2012 vart vedteken i kommunestyret 20/11 08 og må sjåast i samanheng med vedteken kulturplan og plan for profil- og omdømme.
Planen finn du her: Strategisk Næringsplan for Ål kommune 2009-2012
SNP skal vera eit styringsverktøy for ein heilskapleg næringspolitikk og vera grunnlag for dei prioriteringar det kommunale tiltaksapparatet gjer i planperioden. I tillegg gir det aktørane innafor næringslivet signal om kva for prioriteringar kommunen legg til grunn for vidare utvikling.
Næringslivet er med å leggja basis for SNP gjennom fleire høyringsrundar. Ål kommune definerar si rolle til å vera med å leggja til rette for utvikling på dei områda som er vedteke i denne planen. Dette vert gjennom økonomisk støtte, rådgjeving om anna finansiering, god sakshandsaming og gode plan- og rammeverk.
Strategisk Næringsplan 2001-2004
Strategisk Næringsplan 2005-2008