Ål kommune har ca. 2400 fritidsbustader av ulike slag (frittstående hytter, leiligheiter, gamle seterhus etc.). Bygging og bruk av fritidsbustadar er eit viktig bidrag til næringslivet i Ål. Det er difor av vesentlig betydning for kommunen å ha eit godt førehald til dei som har fritidsbustad i kommunen.
På denne nettstaden vil kommunen ha informasjon, linkar etc. som kan vera interessant å få med seg.
