Lys i alle glas
Eit prosjekt som skal medverke til at fråflytta bruk får fast busetnad, og at dei fleste av tilflyttarane får seg arbeid i regionen, eller har med seg sin eigen arbeidsplass.

Bygdene våre treng å auke busetnaden og styrke næringsutviklinga. Dette er viktig for at det skal vera attraktivt å bu i distriktskommunane.
I alle kommunane i Hallingdal står det gardsbruk utan fast busetnad. Desse er attraktive bustader for mange, men dei er vanskelege å få kjøpt. Ei gransking MMI har gjort for Landbruks- og matdepartementet syner at så mange som 200 000 nordmenn kunne tenke seg å kjøpe eit småbruk, fyrst og fremst for å skaffe seg eit meir attraktivt bumiljø.
Hallingdal, Numedal og Midtfylke (Sigdal, Modum og Krødsherad) har starta eit eige prosjekt for å få fast busetnad på ledige gardsbruk. Prosjektperioden er frå 2008 – 2011.
Målet for prosjektet i Hallingdal, er å medverke til at minst 40 fråflytta bruk får fast busetnad og at fleirparten av tilflyttarane får seg arbeid i regionen, eller har med seg sin eigen arbeidsplass.
Er du interessert i å høre mer om prosjektet, ta gjerne kontakt med prosjektleder Torunn Bekkeseth, tlf 99529567 eller e-post torunn@hallingnett.no