Torvuttak

Grunneigar som ynskjer å ta ut torv må søkje Ål kommune på særskild skjema.

Vilkår

Grunneigar som ynskjer å ta ut og/eller selgje torv frå dyrka eller dyrkbar mark må søke Ål kommune om løyve etter §9 i jordlova 

 

Grunneigaren er ansvarleg for at torvuttaket blir utført på følgjande måte:

  • Torva skal kuttast like under grasrota, og torvlaget som blir teke ut skal ikkje overstige 5 cm.
  • Innan 1 år etter at torva er teken ut, skal området horvast, gjødslast med kunst- eller naturgjødsel og såast til slik at etableringa av ny grasmark blir tilfredstillande.Søknaden gjeld for eit uttak pr. skifte
  • Alt uttak av torv skal gjerast på ein måte som ikkje skader landbruket.
  • Dersom torvuttaket ikkje er sett igang innan tre år etter at løyvet er gjeve, fell løyvet bort.

Torvuttak

  

Saksgang

Søknadsskjemaet finn du her.

Send søknaden til Ål kommune v/utviklingsavdelinga.

Legg ved eit kart der arealet er teikna inn og målt opp.

Du kan få kart og hjelp til å måle opp arealet ved servicetorget på Tingstugu. På Hallingkart.no kan du vera sjølvhjelpen.

Søkjar får svar innan 3 veker.

Handsaming av søknaden er gratis.

Publisert
08.11.2007
Sist endret
16.12.2010
Publisert av
Reidun Aaker

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune