Gjerdehald

Bilete av piggtrådgjerde

Forbod mot bruk av piggtråd
Med lov om dyrevelferd, gjeldande frå juni 2009, vart det innført eit generelt forbod mot bruk av piggtråd ”for å regulere dyrs ferdsel.” (§15). Dette tyder at det er forbode å bruke piggtråd i nye gjerde, men det er framleis lov å vedlikehalde dei piggtrådgjerda som allereie finst.


Hald gjerda i god stand
Me minner om at alle har plikt til å halde gjerda sine i slik stand at dei ikkje er til fare for folk og dyr. Det gjeld hyttefolk so vel som fastbuande.

Eit godt gjerde skal vera minst ein meter høgt, so tett at småfe ikkje kan smette igjennom, og utan piggtråd, trådvasar eller anna som dyr kan setja seg fast i. Grinder skal slå utover.

Ål kommune oppmodar alle grunneigarar om å gjera ein innsats slik at me kan bli kvitt gamal piggtråd, nedgrodde trådgjerde og anna rask i utmarka .Gjerde som ikkje lenger har nokon funksjon skal ryddast vekk, og attverande gjerde skal haldast i skikkeleg stand.


Dersom nokon kjem over dårlege gjerde i utmarka, ber me om at dei melder frå til Servicetorget i Ål kommune slik at me kan følgje opp saka.

Publisert
19.08.2010
Sist endret
03.05.2012

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune