Deling av driftseining

Landbrukseigedommar som er eigd av same eigar er å sjå på som ei driftseining og kan ikkje delast frå kvarandre utan løyve etter § 12 i jordlova

Føremål

Eit av hovudmåla i jordlova er å styrke driftseiningane og hindre at dei blir svekka gjennom frådeling. Derfor vil Ål kommune ha ein samla plan for oppdelinga.

 

Målgruppe

Eigar av landbrukseigedom

 

Vilkår:

For deling av driftseining er det eit vilkår å ha ein samla plan for oppdelinga

 

Saksgang

Grunngjeve søknad om deling av drifteseining skal sendast til Utviklingsavdelinga i Ål kommune som handsamar saka. Det er ikkje noko særskild søknadsskjema som skal nyttast.

 

Saka blir lagt fram for politisk handsaming i Sektorutval for teknisk, næring og ressurs.

 

Dersom det er nødvendig å opprette nye gards- og bruksnummer må saka også handsamast etter plan- og bygningslova.

 

Eventuell klage vert å sende Ål kommune. Dersom klaga ikkje vert teke til fylgje vert klaga sendt klageinstans som er Buskerud fylkeslandbruksstyre.

 

Når deling er godkjent blir saka sendt til oppmålingsingeniør for kartforretning.

 

Sakshandsamingstid:

Førebels svar : 3 veker. Max handsamingstid: 3 mnd.

 

Gebyr (kr 1 900.-pr jan 2010) vert ikkje fakturert før saka er ferdig handsama.

 

For spørsmål kontakt sakshandsamar som blir oppgjeve i førebels svarbrev.

Publisert
14.12.2007
Sist endret
12.08.2010
Publisert av

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune