
Ål kommune har for tida eit prosjekt gåande der alle bygg frå før 1940 skal registrerast. Dette gjeld både bustadhus og landbruksbygningar. I tillegg skal det registrerast arkeologiske kulturminne i dei same områda. Dei områda som skal registrerast er området innafor kommunedelplan for Sundre (nord for Hallingdalselva, inkl. Øvre Ål), og eit avgrensa område på Torpo.
Dette er eit prosjekt i regi av Buskerud fylkeskommune, og dei bidrar med 50% av kostnadane til dette arbeidet. Registreringa vert utført av fagkonsulentane Jan Petter Vad og Bjørg Torsteinsrud ved Utviklingsavdelinga i Ål kommune. Opplæring og ekspertise har vi fått av kulturvernkonsulent Jørn Jensen ved Buskerud fylkeskommune. Den arkeologiske delen har vorte utført av arkeologane Vanja Tørrhaug og Ola Terje Oleivsgard.
Området innafor kommunedelplan for Sundre er per i dag nesten ferdig registrert, og det som står att her, samt området ved Torpo vil verte registrert vår/sommar 2008. Den arkeologiske delen av prosjektet er ferdig.
Arbeidet skal resultere i ein prosjektrapport, der alle bygg er registrert med eit eige skjema og bileter.
Her er døme på eit bygg som er registrert: Tingstugu