Kurs i palliasjon

Torsdag 5. mars og fredag 6. mars arrangerte Undervisningssjukeheimen for Buskerud saman med Ringerike sykehus HF Hallingdal sjukestugu kurset "Å fullføre et liv - omsorg ved livets slutt". Les her for eit meir detaljert program.

Torsdag 5. mars:
Stein HusebøStein Husebø starta kursdagen med refleksjonar rundt begrepa verdigheit - gamle. Vidare vektla han utfordringar innan kommunikasjon og etikk til alvorlege sjuke og døande. Der kom han blandt anna inn på Pasientrettigheitslova 4a, pasientar med og utan samtykkekompetanse. Korleis får me ein verdig eldreomsorg og korleis er statusen til dei gamle i samfunnet? Vidare gjennomgikk han fysiologiske prosessar i avslutningsfasen i livet og symptomlindring dei siste dagane og timane. Han avslutta med å reflektere over hjelparen sine roller og utfordringar.

Fredag 6. mars:
Astrid Rønsen prata om "Å fullføre eit liv" ut frå fire ulike pasientforteljingar med hovudtema å møte, ivareta og støtte hans/hennar familie. Vidare vart det fokusert på korleis ein kan utvikle seg som hjelpar og gå inn i dei nødvendige samtalene. Gode team og gode nettverk er viktig i samhandlinga.

Andre dag vart avslutta med at Hege Nitteberg heldt foredrag om temaet "Når born og unge blir pårørande" og kva som særpregar dei som nære pårørande. Kursdeltakarane fekk refleksjonar om korleis dei kan vera viktige støttespelarar for born og unge i sorg og kriser og korleis dei samtaler.

Fredag var det òg ein fantastisk lunsj på Gunvalds. Lunsjen var med samhandling der dei ulike arbeidsplassane sette seg saman og ga skriftleg innspel på korleis dei best mogleg kan samarbeide mellom nivåa slik at pasientane får ei verdig avslutning på livet. Mange gode forslag på korleis praktiske utfordringar i kvardagen kan løysast.

Mange gav attendemeldingar om to kjempeflotte dagar som var lærerike og som medførde djup tenking hjå deltakarane. Undervisninga var prega av erfaringsbasert kunnskap, ikkje minst lærer ein mykje av å reflektere over erfaringane.

Publisert
15.04.2009
Sist endret
10.02.2011
Publisert av
Guri Feten

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune