Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
Barn, unge og vaksne med særskilte behov skal få hjelp frå PP-tenesta slik at dei blir sikra tilpassa opplæring og nødvendige støttetiltak.
PPT skal hjelpe barnehagar og skoler i arbeidet med å legge til rette for tilpass opplæring.
Kva arbeider PPT med?
- Funksjonshemmingar av ulike slag
- Fagvanskar (t.d. lese-/skrivevanskar, matematikkvanskar)
- Språk- og talevanskar
- Åtferdsvanskar
- Sosiale og emosjonelle vanskar
- Systemarbeid i skuleklassar/barnehageavdelingar
Kontakt med PPT
Foreldre kan sjølve ta kontakt med PPT for oppmelding. Når andre, til dømes skule eller barnehage, ynskjer at barnet skal meldast til PPT-kontoret, må alltid foreldra vera samde i dette, og skriva under tilmeldingskjemaet.
Klassar og barnehageavdelingar kan og meldast til PPT.
Meldingsskjema kan du få i barnehagar og skular eller ved å ta kontakt direkte med PPT-kontoret. Det er ingen søknadsfrist. Meldingane vert handsama etter kvart som dei vert motteke.
Tilsette ved PPT-kontoret har teieplikt og alle tenester er gratis.