Kommunepsykolog
Knut Dalen
og Nina Dalen arbeider i 20 % stilling kvar som kommunepsykolog i Ål kommune. Dette er ei 3-årig prosjektstilling, i samarbeid med Hol kommune, med støtte fra Helsedirektoratet.
Begge er spesialistar i klinisk nevropsykologi.
Knut Dalen har professorkompetanse i klinisk nevropsykologi, og er knytt til Universitet i Bergen i ei bistilling. Han har blant anna arbeidd med nevropsykologi, barnehabilitering, barne- og vaksen-nevrologi, rettspsykologi og rusproblematikk.
Han har lang erfaring både med pasientar, veiledning, undervisning og forskning.
Nina Dalen
har også variert praksis frå klinisk arbeid i spesialisttenesta, i habiliteringstenesta og som nevropsykolog. Ho har også lang erfaring frå barnevern og mykje administrativ erfaring.
Hovedarbeidsområdet i begge kommunar blir å utvikle kommunepsykologtenesta. Kommunepsykologane vil ikkje drive med langvarig pasientoppfølging, og pasienter kan ikke henvises direkte til dei. Kommunepsykologane vil i samarbeid med avdeling Psykisk helse vurdere kvar ressursane best kan nyttast.
Kommunepsykologane kan kontaktast på mail: knut.dalen@aal.kommune.no eller nina.dalen@aal.kommune.no
Knut Dalen er mellom anna knytt til Hallingforsk som prosjektleiar, er medlem i Statens Helsepersonellnemnd, leiar av Fagutvalg for rehabilitering i ExtraStiftelsen og medlem av EU-kommisjonens forskningsetiske ekspertpanel. Nina Dalen er mellom anna leiar i Fag-etisk råd i Norsk Psykologforening og er med i EFPPA som er samarbeidsorgan for dei europeiske psykologforeningane.