Gruppetilbod
Psykisk helse har 3 ulike aktivitetsgrupper, måndag ettermiddag er det styrke/sirkeltrening på fysikalske, onsdag tur, torsdag 2 grupper, symjing og fotball/volleyball.
Vi har også samtalegruppe som startar opp kvar haust og dei møtest 12 gonger. Gruppa vert leia av 2 spesialsjukepleiarar. Formålet med gruppa er å dele erfaringar med andre, hjelpe og støtte kvarandre til å halde ut vanskelege livssituasjonar.