16 elevar frå 7.klasse har fått skolering av fysioterapeutane Eivin Rundberg og Bjørn Egil Notland for å leie midttimeaktivitet på sin skule. Kurset inneheldt leik og moro, men og litt alvor rundt ansvaret ein har som aktivitetsleiar.
Ungdomsskuleelevar med ansvar for midttime har vore på kurs på Gol saman med elevar frå dei andre skulane i Hallingdal. Frisklivssentralane arrangerer slike kurs saman med Buskerud idrettskrets.
Med nye aktivitetsleiarar og ein flott ny skulepark ligg det an til å bli ein aktiv haust for skuleelevar i Ål kommune!