Radonmålingar
Sidan for høge radonverdiar aukar risikoen for lungekreft, tilrår kommuneoverlagane og Miljøretta Helsevern Hallingdal at alle som har bustad med opphaldsrom i dei tre lågaste etasjane over bakkeplan eller i underetasjar, måler konsentrasjon av radon.
Miljøretta Helsevern Hallingdal tilbyr i samarbeid med firmaet Radonlab radonmålingar til gunstig pris.
Tilbodet gjeld for husstandar i Hallingdalskommunane. Pris pr. sporfilm kr. 125,-.
Bestill på http://radonlab.com/hallingdal eller ta kontakt med Radonlab på tlf. 21 96 03 50.
Hallingdal ligg på eit område som gir risiko for høge radonnivå. Det er ikkje mogleg å fastslå radonkonsentrasjonen i ein bustad utan at det blir teke målingar. Generelt kan radonkonsentrasjonen endrast over tid på grunn av setningsskader, ombygging, endring av ventilasjonshorhold, samt endringar som følgje av grave- eller sprengingsarbeid i nærområdet. Helsemyndigheitene tilrår derfor å måle radonnivået regelmessig, og alltid etter ombyggingar. Du bør måle bustaden din sjølv om naboar allereie har målt fordi det innanfor same bustadfelt kan vere store variasjonar. Nyttar du tilbodet gir du samtidig Miljøretta Helsevern Hallingdal og kommuneoverlegane ein bedre oversikt over radonnivåa i kommunane. Statens strålevern vil få tilgang til dataen. Måleresultata vil ikkje bli publisert på ein slik måte at enkeltmålingar kan gjenkjennast.