Deling- og oppmålingstenester

Føremål

Bilete av basestasjon

Sørge for at grensene for grunneigedomar og festegrunn vert nøyaktig merka, målt og kartfesta, og at det vert ført oversiktlege register over grunneigedom og festegrunn og data knytt til desse.
 

 

Deling av eigedom

Ny matrikkellov kom 1.1.2010. Det er viktig å setja seg inn i lova i tillegg til kommunas planbestemmelser for eigedomen før ein søkjer om deling. (Servicetorget kan hjelpa deg med å finne rett plan og bestemmelser for eigedomen).

  • Deling av grunneigedom
  • Nabovarsel
  • Gjenpart av nabovarsel
  •  

    Søknad om deling (Plan- og bygningslova/ Jordlova) vert behandla av byggjesak/landbruk ved Utviklingsavdelinga. Søknad vert å sende til Ål kommune, Utviklingsavdelinga, Torget 1, 3570 Ål.

    Legg ved søknaden: 

    • Kartutsnitt i målestokk som ein får hjå Servicetorget, eller ein kan ta det ut sjølv ved å klikke her: Hallingkart
    • Gjenpart av nabovarsel
    • Kopi av skylddelingsforretning/skyldskifte
    • Kopi av festekontrakt
    • Kopi av jordskiftesaker
    • Kopi av målebrev
    • Andre dokument som berører saka

    Oppmåling av eigedom

    Rekvisisjon av oppmålingsforretning (etter Matrikkellova) vert behandla av oppmåling ved Utviklingsavdelinga.
    Rekvisisjon vert å sende Ål kommune, Utviklingsavdelinga, Torget 1, 3570 Ål.

    Legg ved rekvisisjonen:

    • Kartutsnitt i målestokk som ein får hjå Servicetorget, eller ein kan ta det ut sjølv ved å klikke her: Hallingkart
    • Kopi av skylddelingsforretning/skyldskifte
    • Kopi av festekontrakt
    • Kopi av jordskiftesaker
    • Kopi av målebrev
    • Andre dokument som berører saka

    Nødvendig nabovarsling vert gjort av kommunen ved innkalling til oppmålingsforretninga.

    Skjema

    Lovverk

    Andre tenester

    Kart
    I tettstadene har me digitale kart med 1 m høgdekurver. Resten av kommunen, unnateke dei høgaste fjellområda, er dekt av økonomisk kartverk. Hovudsakleg i målestokk 1: 5000 med 5 m høgdekurver. Desse karta finst òg i rasterformat. I dei høgste fjellområda finst berre karta i serien Norge i 1:50.000. Kommunen har heildekkande eigedomskart der omlag 85% av alle eigedomane er registrerte. Treng du kartutsnitt ta kontakt med Servicetorget.

    Turkarta Reineskarvet og Veståsen / Sangefjell, og Tettstadskart over Sundre og Torpo, kan kjøpast hjå Servicetorget og i forretningar i Ål.

    Sal av digitale kartdata
    Ved sal av digitale kartdata ber me om at du opplyser om utstrekniga av området du ynskjer kartdata over.
    Digitale kartdata vert prisa etter eksisterande avtale med Geovekstpartar.

    Bestilling av digitale kart gjer du hjå:

    Torleiv Torgersen, tlf. 32 08 50 72

    Kontaktinformasjon

    Oppmålingsingeniør Bodil Hallset, tlf. 32 08 50 68

    Oppmålingsingeniør Anne-Marit Rusås, tlf. 32 08 50 66

    Byggjesakshandsamar Borgar Underdal

    Publisert
    11.12.2007
    Sist endret
    16.03.2012
    Publisert av
    Oppmålingsavdelinga

    Kontaktinformasjon

    Ål kommune
    Servicetorget
    Torget 1, 3570 Ål, 
    Telefon: 3208 5000

    Send e-post til Ål kommune  

    Aktuelle tjenester