Bustad til leige?
Har du bustad til leige?
Prosjektet Tilflytting til Hallingdal i samarbeid med tilflyttings- og rekrutteringsfirmaet Placement Utvikling AS, har som målsetjing å få tilflytting og fast busetjing av 100 personar til Hallingdal frå EØS, spesielt frå Nederland, i løpet av 2 år. Desse treng ein stad å bu!
Det vil stort sett vera familiar med barn som kjem. Dei aller fleste ønskjer å leige bustad til å begynne med. Og sjølv om hus med hage og småbruk er populært, kan ein leiligheit også vera eit bra alternativ den fyrste tida.
Eitt tiltak i denne samanheng, er kartlegging av bustader som er til leige for kortare eller lengre tid. Vi gjer merksam på at eigaren av bustaden er ansvarleg for at opplysningane er rette og for å gi tilbakemelding når bustaden er utleigd. Kommunen kan hjelpe til med å formidle bustaden, men er ikkje ansvarleg for avtalen som blir inngått mellom utleigar og leigetakar.
Ønskjer du å annonsere bustad til leige (gratis), ber vi deg om å fylle ut dette skjemaet og sende det til Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål, eller som e-post til servicetorget@aal.kommune.no. Hugs å legge ved digitalt bilete.