Bustønad
Bustønad er ei statleg økonomisk stønadsordning som blir administrert av Husbanken og kommunane. Formålet med ordninga er å hjelpe eldre, uføre og barnefamiliar med svak økonomi å skaffe seg eller bli buande i ein god og teneleg bustad.
Søknadsfrist
14. i kvar månad
Vedtak og utbetaling
ca. 10. i månaden etter
Søknadsskjema
Søknaden skal sendast inn på eigen blankett som ein får på servicetorget. Viss søknad om bustønad blir innvilga ved ordinært vedtak, er det ikkje nødvendig å søkje på nytt. Unntak er der søkjar er registrert flytta i løpet av terminen.
Søknadsskjema kan du finne her
klikk herDu kan søkje bustønad elektronisk via internett. Dette kan gjerast ved å gå inn på internettadressa: www.altinn.no. Fyrste gong går du inn i Altinn ved hjelp av fødselsnummer og eingangskoder. Eingongskoder finn du i sjølvmeldinga eller på skattekortet ditt. Du kan og bestille dei frå Altinn.
Klage
Søkjaren kan klage på vedtaket. Klagefrist er 3 veker. Søkjaren kan få hjelp til å skrive klagen på servicetorget som sender denne til Husbanken.
Informasjon om tenesta
For ytterlegare informasjon, ta kontakt med servicetorget, tlf. 32 08 50 00. Du kan og gå inn på Husbanken si nettside, www.husbanken.no.