Nye reglar gjeldande frå og med 1. juli 2009. Buplikt vert utløyst i samband med eigarskifte og tyder at bustadhus skal nyttast til heilårs busetjing anten av eigar (personleg buplikt) eller av ein leigetakar (upersonleg buplikt). Driveplikt er plikt til å drive jordbruksareal dvs hauste og kultivere arealet årleg.
Buplikt
Konsesjonslova § 5, fyrste ledd, er det personleg buplikt i 5 år ved erverv av jord- og skogbrukseigedom med meir enn 25 dekar fulldyrka og/eller overflatedyrka areal eller 500 daa produktiv skog. Buplikta er oppfylt viss eigaren er registrert i folkeregisteret med vedkomande eigedom som bustadadresse.
Det er konsesjonsplikt når eigedommen har over 100 daa totalareal.
Det er ikkje lenger høve til å søke om fritak frå buplikt. Viss du overtek eigedom med buplikt og ikkje buset deg der innan 1 år, må du søke kommunen om konsesjon.
Innskjerping av buplikta i Ål
Etter konsesjonslovas § 7, kan kommunen ved forskrift innføre buplikt ved overdraging av einkvar bebygd eigedom som er, eller har vore i bruk som heilårsbustad Meir info om kven du kan overdra til eller erverve eigedom frå utan konsesjon finn du under. Eigaren sjølv ikkje treng å bu på eigedomen, men kan til dømes leige ut heile eller delar av bustaden til fastbuande.
Ål kommune har saman med omlag 80 av landets 431 kommunar innført en slik innskjerping av lova. Det er kommunen som skal føre kontroll med at buplikta vert oppfyllt.
Reglane gjev kommunane høve til å seta slektskapsunnataket ut av kraft. I Ål kommune er det gjort. Slik at det ikkje er noko unnatak for buplikt sjølv om overdraging skjer innan familie.
Driveplikt
Gjeld alt jordbruksareal dvs fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Driveplikta er personleg. Eigar av jordbruksareal pliktar å drive jorda så lenge vedkomande er eigar.
Driveplikta er fastlagt i jordlovas § 8
Driveplikta kan oppfyllast ved skriftleg avtale om bortleige for 10 år. Kommunen skal godkjenne slik leigeavtale. Avtala kan ikkje seiast opp av utleigar med mindre det er misleghald. Kommunen skal føre tilsyn med at driveplikta vert oppfyllt og kan gi pålegg om bortleige av jord eller leige bort jord. Det er i særskilte høve mogleg å søke kommunen om fritak frå driveplikta.
Meir info:
Statens landbruksforvaltning (SLF) si temaside om buplikt
Statens landbruksforvaltning (SLF) si temaside om driveplikt
Landbruksdepartementets rundskriv M-2/2009 konsesjon og boplikt
Landbruksdepartementets rundskriv M-3/2009 Driveplikten etter jordloven
Eigenfråsegn om konsesjonsfritak – Ål kommune si tenesteomtale
Søknad om konsesjon - Ål kommune si tenesteomtale