Sal og kjøp av eigedom

Den som skal selja eller kjøpe fast eigedom må som regel ta kontakt med kommunen på førehand. Finn ut kva som gjeld i ditt tilfelle.

Under får du oversikt over kva reglar som gjeld, og kva som du må søke eller varsle kommunen om i samband med kjøp og sal av fast eigedom:

Viss du skal KJØPE Viss du skal SELJA  
Hyttetomt Hyttetomt  
Hytte Hytte  
Bustadtomt Bustadtomt  
Bustadhus Bustadhus  
Del av bustad Del av bustad  
Næringstomt Næringstomt  
Tilleggsareal til tomt Tilleggsareal til tomt
Gardsbruk Gardsbruk
Jord-, skog eller utmarksareal Jord-, skog eller utmarksareal
Festetomt Festetomt

Ved utleige av heile eller del av jord- eller skogbrukseigedom for meir enn 10 år: gjeld dei same reglane som for kjøp/sal av jord-, skog eller utmarksareal.

KJØP AV HYTTETOMT
Fyll ut og send inn Eigenfråsegn om konsesjonsfridom i kommunar med nedsett konsesjonsgrense SLF-356N (raudt skjema)
Dette skjemaet saman med kjøpekontrakt vert sendt til tinglysing. 
Viss du ikkje har tenkt å bygge på tomta innan 5 år, må du søke om konsesjon.
Du må søke om byggeløyve og utsleppsløyve før du set i gang bygging på tomta.

KJØP AV HYTTE
Hytta må vera godkjent frådelt og godkjent som fritids-/hytteeigedom, viss ikkje må selgjar søke om deling av grunneigedom og evt søke om bruksendring viss bygningen t.d. har status som bustadhus i dag. 

KJØP AV BUSTADHUS
Fyll ut og send inn Eigenfråsegn om konsesjonsfridom i kommunar med nedsett konsesjonsgrense SLF-356N (raudt skjema).
Kjøpar må stadfeste at huset skal brukast til heilårsbustad.

KJØP AV DEL AV BUSTAD
Selgjar må søke om seksjonering av eigedomen viss eigedomen ikkje allereie er seksjonert.
Kjøpar må fylle ut Eigenfråsegn om konsesjonsfridom i kommunar med nedsett konsesjonsgrense SLF-356N (raudt skjema).

KJØP AV BUSTADTOMT
Tomta må vera godkjent og frådelt som bustadtomt.
Kjøpar må fylle ut Eigenfråsegn om konsesjonsfridom i kommunar med nedsett konsesjonsgrense SLF-356N (raudt skjema)
Viss du ikkje har tenkt å bygge på tomta innan 2 år (kommunale tomter) eller innan 5 år (private tomter) må du søke om konsesjon.
Du må ha vegrett og søke om byggeløyve og utsleppsløyve før du set i gang bygging på tomta.

KJØP AV NÆRINGSTOMT
Tomta må vera godkjent og frådelt som næringstomt.
Kjøpar må fylle ut Eigenfråsegn om konsesjonsfridom i kommunar med nedsett konsesjonsgrense SLF-356N (raudt skjema).
Kjøpar må bygge på tomta innan 2 år viss ikkje anna er avgjort i kjøpeavtala.

KJØP AV TILLEGGSAREAL til tomt
Eigar av arealet må søke om deling av grunneigedom.
Deling vert som regel berre innvilga viss arealbruken er i samsvar med godkjent reguleringsplan.
Selgjar søker om deling og rekvirerer kart- og delingsforretning på same skjema.

KJØP AV GARDSBRUK
Kjøpar må søke om konsesjon.
Viss garden vert overdrege til slektning, er det nok å fylle ut Eigenfråsegn konsesjonsfridom ved tileigning/kjøp av fast eigedom mv (grønt skjema)

KJØP AV JORD- eller  SKOGteigar
Selgjar kan overta eigedomen konsesjonsfritt viss den ikkje er større enn 100 daa totalt eller ikkje har meir enn 25 daa fulldyrka og/eller overflatedyrka jord.
Selgjar må søke om deling av driftseining og kjøpar må søke om konsesjon viss eigedomen er over 100 daa totalt eller det fulldyrka og/eller overflatedyrka arealet utgjer meir enn 25 daa.
Dei same reglane gjeld ved utleige for meir enn 10 år.
Ein føresetnad for at overtaking kan skje, er at delingssøknaden er godkjent.

SALG av heile eller del av JORD eller SKOGBRUKSeigedom
Selgjar må søke om deling av driftseining viss han/ho  skal sita att med delar av eigedomen etter salet.
Ver merksam på at  eigedomar med ulikt gards- og bruksnummer som regel høyrer til same driftseining viss dei har same eigar.

SALG av ein DEL AV eit BYGG
Du må søke om seksjonering før det er mogleg å selgja ein del av eit bygg viss ikkje bygningen allereie er seksjonert.

Festetomt
Fyll ut og send inn Eigenfråsegn om konsesjonsfridom i kommunar med nedsett konsesjonsgrense SLF-356N (raudt skjema).
Dette skjemaet saman med kjøpekontrakt og skøyte vert sendt til tinglysing.
Viss kjøpar ikkje har tenkt å bygge på tomta innan 5 år, må han/ho søke om konsesjon.
Kjøpar må søke om byggeløyve og utsleppsløyve før han/ho set i gang bygging på tomta.

Innløysing av festetomt
Fyll ut og send inn Eigenfråsegn om konsesjonsfridom i kommunar med nedsett konsesjonsgrense SLF-356N (raudt skjema).
Dette skjemaet saman med kjøpekontrakt og skøyte vert sendt til tinglysing. 
Kjøpar og selgjar må sjølve syte for at gamal festekontrakt vert sletta.

 

Publisert
08.12.2007
Sist endret
02.11.2010
Publisert av
Reidun Aaker

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune  

Aktuelle tjenester