Rett til barnehageplass
Frå 01.01.09 er rett til barnehageplass innført.
Lov om barnehagar §12 a slår fast fylgjande:
"Barn som fyller ett år senest innen utgangen av august det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage fra august i samsvar med denne loven med forskrifter.
Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen der det er bosatt.
Kommunen skal ha minimum ett opptak i året. Søknadsfrist til opptaket fastsettes av kommunen."
I Ål kommune er det eitt hovudopptak i året. Søknadsfristen for å vere med i hovudopptaket er sett til 1. mars.
Retten gjeld berre ved søknad i hovudopptaket og dersom plassen vert teke i bruk innan utgangen av august. Dersom det vert søkt om plass elles i året, enten ny plass eller utviding av plass, har barnet ikkje rett til plass.