Det er ialt 13 tilsette i Skattebøl barnehage i barnehageåret 2011-12. Barnehagen har to barnegrupper fordelt på to baser; Branesberget for dei eldste barna og Nasakamben for barna under 3 år. Personalet er også fordelt på desse to basene, samtidig som dei arbeider i eitt stort team. Det er mykje samarbeid basene imellom. Det er til dagleg 4 vaksne på kvar base.
Barnehagen har dette året 5 personar med førskulelærarutdanning, 2 fagarbeidarar og 6 godt kompetente assistentar. Styraren har 100% administrasjonstid.
