Barn og meistring
Barn er nysgjerrige og utforskande, og dei har glede av å teste sine eigne grenser og omgjevnader gjennom leiken. Dei erfaringane dei får er av stor betydning for korleis dei lærer seg å handtere risiko. Barn som blir overbeskytta, blir fråteken moglegheiten for å lære seg å meistre farer. Vaksne vil gjerne fjerne risikokjeldane slik at barna ikkje blir utsett for dei. Problemet er då at barna ikkje får erfaring med korleis dei skal takle ei risikokjelde.
I dei fleste tilfelle søkjer barna utfordringar som er passe i forhold til ferdigheitsnivået deira. Opplevelsen av meistring gjev ei glede som fører til at barnet tør prøve nye utfordringar - og dermed får enda fleire erfaringar. Sagt med andre ord, vil utfordringar vere stimulerande for barnets utvikling.
Naturen er ein flott arena for utfordringar og meistring! Den gjev barna allsidige utfordringar som set krav til fysiske og motoriske ferdigheiter. Samtidig kan naturen gje dei sterke spenningsopplevingar. Naturen gjev med alt sitt innhald av bakkar i ulike helningar, ulike typer underlag å gå og springe på, skrentar, trær, planter og dyr uante moglegheiter for smårollingane til å utforske og oppleve.
Klatring er ein aktivitet som barna i stor grad søkjer. Alle har sikkert opplevd ein eittårings klatreiver! Barn i alle aldrar elsker å klatre, og heldigvis er det som regel slik at dei tilpassar klatringa til meistringsnivået sitt.
Skattebøl barnehage har som ein tradisjon å ta ein hausttur til Hovda i Sando. Her er det eit fantastisk klatrelandskap med store steinar i alle storleiker. Barna storkosar seg når dei får utfordre sine eigne klatreferdigheiter her! Og ein kan sjå kor fornøgd dei er når dei har kome oppå ein av dei store steinane. Meistringsgleda syner lang veg!
Engasjerte vaksne skapar engasjerte barn. Dei vaksne i barnehagen skal legge til rette for uteleik og turar som er både spanande, utfordrande og samtidig med trygge rammer.