Presentasjon
Nordbygdene barnehage er ein kommunal barnehage for barn i alderen 1 - 5 år. Dei fleste borna som går her kjem i frå bygdene Votndalen, Leveld og Vats. Desse tre småbygdene vert tilsaman kalla nordbygdan.
Barnehagen har vore i drift sidan hausten 1989. Etter ei periode med ombygging/påbygging av grendehuset Leveldtun, opna me "ny" barnehage 1.februar 2011. Nordbygdene barnehagen ligg vegg i vegg med Leveld skule, og har eit tett samarbeid m/skulen når det gjeld uteleikeplass, turområde m/lavvo, bruk av gymsal og felles personalrom.
Rundt omkring oss har me ei levande bygd med gardsdrift, husdyr og flotte turområde. På vinteren er me så heldige å ha oppkøyrde skiløyper på jordet rundt barnehagen/skulen og i lysløypa, og i blandt islagt skøytebane i ballbingen.