For kvar oppgjersperiode for skattetrekk (termin) skal arbeidsgjevar rekne ut den arbeidsgjevaravgifta som han pliktar å betale, jf. Folketrygdlova §24-3, 1.ledd.
Avgiftssoner og satsar blir fastsett kvart år av Stortinget. Norge er i dag inndelt i 5 geografisk differensierte soner. Soneinndelinga for differensiert arbeidsgjevaravgift er endra frå og med 2000. Avgiftssatsen er knytt til arbeidstakaren sin skattekommune, og sona finn ein på arbeidstakaren sitt skattekort. Oversikt over soneinndeling for utrekning av arbeidsgjevaravgift får ein ved å vende seg til kommunekassa/skatteoppkrevjar.