Klage på avrekning
Klage på sjøve likninga kan ikkje kommunekassa hjelpe med; desse må sendast til likningskontoret.
Dersom det viser seg på skatteavrekninga at forskotstrekk, forskotsskatt eller tilleggsforskot ikkje har kome med på skatteoppgjeret, må det sendast ei skriftleg klage til kommunekassa. Her må ein legge ved kopi av lønsslippar, løns- og trekkoppgåver og kvittering for betalt forskotsskatt/ tilleggsforskot. Hugs at alt må merkast med namn og fødselsnr.
Dersom løns- og trekkoppgåver frå arbeidsgjevar, eller betaling av forskotsskatt kjem mindre enn 6 veker før utlegg, blir ikkje desse med på skatteavrekninga. I desse høva vil kommunekassa i samarbeid med likningskontoret kome med ei ny korrigert avrekning.
Det er viktig å vera merksam på at utlikna restskatt må betalast ved forfall, sjølv om det er sendt klage. Dette for å unngå renter.
Frist for å sende inn klage til likningskontoret er 3 veker etter utlegg.