Hjelpemiddelsentralen

Formidling av hjelpemiddel

Eit tilbod til personar med redusert funksjonsevne som grunna skade eller sjukdom har behov for lån av hjelpemiddel i kortare eller lenger tid.

Kven får tenesta
Alle som bur eller oppheldt seg i Ål kommune kan få tildelt hjelpemiddel der sjukdom, medfødt eller erverva skade har gitt nedsett funsjonsevne.
Tilbodet gjeld alle aldersgrupper med kort- eller langvarig nedsett funsjonsevne.

Kva omfattar tenesta
Vurdere aktuelle hjelpemiddel og tilpasse hjelpemiddel i lag med brukar.
Avd. fysio- og ergoterapitenester søkjer aktuelle hjelpemiddel for brukar og gir hjelp til tilpassing og bruk av hjelpemiddelet.
Avdelinga vurderer nytteverdi, registrerer endra behov, yter teknisk service og gir meir opplæring der det er nødvendig.
Avdelinga leverer hjelpemidla ut til brukar og er ansvarleg for at brukar leverer attende hjelpemiddel som ikkje lenger er i bruk.
Ål kommune har samarbeid med hjelpemiddelsentralen i Buskerud vedrørande spesialiserte hjelpemiddel.
Syn og hørsel krev spesiell utgreiing, og behandlingshjelpemiddel må bli søkt om av lege.

Korleis få tenesta
Søknad skjer skrifteleg på søknadskjema til
Tildelingsteamet, Ål bu- og behandlingssenter, 3570 Ål.
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søknaden din. Du har rett til å la næraste pårørande eller andre hjelpe deg med søknaden, men då må du gi ei skrifteleg fullmakt som vert lagt ved søknaden.

Etter mottatt søknad vil brukaren få attendemelding om eit kartleggingsbesøk. Ved besøk i heimen, barnehage, skulen eller arbeidsplassen vil det bli vurdert om hjelpemiddelet skal søkast ved hjelp av Folketrygda eller lånast ut frå kommunalt lager.
Når det vert sendt søknad om hjelpemiddel til Hjelpemiddelsentralen i Buskerud, er det denne som tildeler teneste og fattar vedtak.
Ved innvilging av teneste vil det gå noko tid før det blir levert brukar.
Hjelpemiddel for kortidsbruk frå kommunen kan, ut i frå vurderingar, bli tildelte på dagen.

Lovgrunnlag
Hjelpemiddel blir tildelte etter Folketrygdlova §10.6.
Folketrygdlova §§ 10-5 og 10-17 regulerar støtte til tekninske hjelpemiddel og ergonomiske tiltak i arbeid og under attføring.
Hjelpemiddel for kortare låneperioder blir tildelt etter lov om helsetenester i kommunen § 1-3 og 2-1.

Pris
Lån av krykkjer har eit depositum på kr 200,- pr. krykkje.
Lån av øvrige hjelpemiddel frå Ål kommune og hjelpemiddel tildelt frå Hjelpemiddelsentralen er gratis.

For meir informasjon, kontakt:
Servicetorget,
Ål kommune,
Tlf. 32 08 50 00

Avd. fysio- og ergoterapitenester,
avdelingsleiar Birgit Ulshagen
Tlf. 32 08 62 61

Publisert
23.01.2008
Sist endret
23.01.2008
Publisert av

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune