Ål kraftverk

 


Ål Kraftverk KF har ei historie som går attende til 1914. Ål Kraftverk KF er heileigd av Ål kommune.

Kraftverket har ein liten kraftstasjon som produserer ca. 13 GWh (millionar kWh) ved Ylifossen i Gullhagen industriområde.
Ellers har kraftverket rettar ved:
- Erstatningskraft for tapt kraftproduksjon ved bygginga av Nes Kraftverk
- Rettar frå Uste/Nes-utbygginga.
- Konsesjonskraft frå kraftverk i Hallingdal.
 
Tilsaman har kraftverket rett på ca. 230 GWh elektrisk energi.
Omlag 100 GWh vert seld til abonnentar i Ål kommune.
Resten vert seld i engrosmarknaden for kraft.
Overskotet av salet går til eigaren Ål kommune, som set pengane inn på eit utbyggingsfond. M.a. er Kulturhuset i Ål - og fleire andre anlegg - bygd med pengar frå dette fondet.

 
Publisert
22.03.2007
Sist endret
05.02.2010
Publisert av
Inger Lervåg

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune