Hyttetreff i Ål - ein suksess

Ål kommune inviterte hyttefolk til treff på Ål kulturhus 17.2.09. 100 interesserte hyttefolk fylte veslesalen denne kvelden.

Dette var fyrste gongen kommunen arrangerte treff for hyttefolket på Ål. Formålet var å kome i dialog med hytteeigarane i kommunen.

Torleif Dalseide presenterte arealdelen i kommuneplanen og Ål sin hyttepolitikk, samt orienterte om undervisningssjukeheim, Hallingforsk og daglegevakt som trer i kraft 9.3.09. i lokale på Hallingdal sjukestugu.

Informasjon frå  hytteundersøkinga i Ål vart gjeve av Kristian K. Holm. Dei som sat i salen fekk høyre kven dei var. Presentasjon for fritidsboligeiere i ål kommune feb-09[1]. Kristian Holm.ppt

 

Ål utvikling informerte om tilboda på Ål. Det finst no 400 km skiløyper. På heimesida www.al.no  kan du til ei kvar tid sjå når dei ulike løypene er brøyta.

 

Servicetorget gav informasjon om sine tenester og poengterte at dei er døgnopen på sine heimesider som stadig er under utvikling.

Kulturinnslag sto Ingebjør Sørbøen for. Ho er elev ved Ole Bull akademiet i Voss.

Ved dei 5 temaborda ute i kafeteriaen var det stor trafikk, interesse og engasjement.

Kommuna vil fortsette med å arrangere faste møter for hyttefolket.

Her finn du foilen som ordføraren presenterte på møtet. 

 

Publisert
10.03.2009
Sist endret
08.04.2009
Publisert av
Turid Hilde Gåsbakk

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune