Hallingdal barnevern - spesialkonsulentar - nyoppretta stillingar

Det er frå 1. februar 2012 ledig to 100 % stillingar som spesialkonsulentar. Desse skal saksbehandle og ha tiltaksarbeid i utfordrande og krevjande saker samt gje rettleiing og konsultasjon til kollegaer.

Kvalifikasjonar

  • Barnevernpedagog, sosionom eller anna relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå.
  • Erfaring frå barnevernfagleg saksbehandling.
  • Relevant vidareutdanning med relevant praksis etter vidareutdanning.
  • Spesialkompetanse eller klinisk godkjenning etter FO’s kriteriar.
  • Rettleiarutdanning og/eller godkjent rettleiar etter FO’s kriteriar.

 Vi legg vekt på desse personlege eigenskapane:

  • Evner og ferdigheiter i å arbeide med barn, unge og foreldre, 
  • Evne til å arbeide målretta, sjølvstendig og systematisk
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og like å jobbe i team
  • God skriftleg framstillingsevne
  • Tåle stort arbeidspress og høgt tempo
  • God sosialkompetanse
  • Positiv holdning og godt humør

Vi kan tilby

  • Fleksibel arbeidstid
  • Muligheit for fagleg utvikling og vekst gjennom fagleg rettleiing og intern opplæring.
  • Deltaking i utvikling av ein ny felles barnevernsteneste for Hallingdal.
  • Løn etter avtale

Arbeidstakar må delta med ca 5 veker heimevakt i året (barnevernvakt). Kompensasjon for heimevakt vil være ca. 21.000,- pr. år.

Stillinga krev gyldig politiattest. Den tilsette må kunne disponere eigen bil i teneste. Forskjøvet arbeidstid må påregnas ved behov.

Hallingdal barnevernteneste bruker dataprogrammet Familia som saksbehandlingsverktøy.

Har du har spørsmål om stillinga, ta kontakt med  Lars Even Olsen, tlf. 90164073, epost: lars-even.olsen@aal.kommune.no.  

Send kortfatta søknad med CV til:  postmottak@aal.kommune.no, eller til Ål kommune, Personalkontoret, Torget 1, 3570 Ål.
Søknadsfrist: 25.01.12

Publisert
15.12.2011
Sist endret
25.01.2012
Publisert av
Kari Flatland

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune