Gratis førstelinerettshjelp (advokat)

Teikning av paragrafteikn

Føremål
Førstelinerettshjelpa gir juridisk rettleiing og råd til privatpersonar. Ordninga er eit prøveprosjekt i regi av Justisdepartementet. Departementet brukar prosjektet for å vurdere om og korleis denne tenesta kan bli etablert over heile landet.

Kven kan få tenesta?
Alle som bur i kommunen kan bruke førstelinerettshjelpa.

Du kan kome til førstelinerettshjelpa med alle juridiske spørsmål, bortsett frå spørsmål om straff og spørsmål frå sjølvstendig næringsdrivande om eiga næringsverksemd.

Den offentlege forvaltninga har plikt til å gi rettleiing innanfor sine saksområder. Viss problemet ditt kan løysast ved å få rettleiing, kan du ikkje nytte førstelinerettshjelpa.

Tenesta sitt innhald
Førstelinetenesta gir deg ein samtale med ein advokat  inntil 30 min. Tilbodet er gratis, og vert gitt éin gong per person per år. Du kan få hjelp til:
-  å finne ut om spørsmålet eller problemet er juridisk, og om det er noko å gå vidare med
-  å finne fram til informasjon om lovar og reglar
-  å løyse problemet eller spørsmålet viss advokaten/rettshjelparen meiner at det kan gjerast på forsvarleg vis innanfor den tida som er til disposisjon
-  å finne ut kor du kan vende deg for å få hjelp viss problemet eller spørsmålet ditt ikkje kan løysast på staden, og kva det i tilfelle kan kome til å koste

Viss du ønskjer å gå vidare med saka etter å ha snakka med advokaten/rettshjelparen, står du fritt til å velje den advokaten/rettshjelparen du måtte ønske. Dette vil ikkje vere omfatta av ordninga.

Tips før du kjem til timen
For at du skal få brukt tida med advokaten/rettshjelparen på ein god måte, er det lurt å vere førebudd. Du kan til dømes tenkje igjennom kva for informasjon du trur det kan vera bruk for. Du kan òg setje opp ei liste over kva som har skjedd, gjerne med datoar. Det vil gjera det lettare for deg å presentere spørsmålet ditt.Ta med deg alle dokument du meiner har innverknad, som til dømes avtalar, skjema eller brev – desse vil du få attende etter samtalen.

Tilgjenge
Førstelinerettshjelpa har fast kontordag i Servicetorget 1 dag i månaden. For å få time hos advokat, kan du vende deg til servicetorget på telefon 32 08 50 00 evt.e-post servicetorget@aal.kommune.no. Me treng ditt namn og telefonnummer

Prøveordning
Førstelinerettshjelpa er ei prøveordning som skal gi Justisdepartementet grunnlag for å vurdere om og korleis tenesta bør vere etablert som ei permanent ordning. Til dette trengst statistikk. Advokaten vil difor fylle ut eit skjema i samband med samtala. Skjemaet vil innehalde opplysningar om kva saka gjeld, og visse anonyme opplysningar om deg. Skjemaet vil berre bli brukt til statistiske føremål og inneheld ikkje namnet ditt. Du vil òg bli bedt om å fylle ut eit anonymt skjema etter samtala. I tillegg kan du bli kontakta på eit seinare tidspunkt med spørsmål om å ta del i ei spørjeundersøking om tenesta. Det er frivillig å delta i undersøkinga.

Kvalitet
Advokatane i Førstelinerettshjelpa er ikkje tilsette av kommunen, og kommunen har ingen påverknad på dei råda som blir gitt.

Teieplikt og personvern
Advokatane i Førstelinerettshjelpa har teieplikt. Dette gjeld òg overfor kommunen. Kommunen sine tilsette har og teieplikt om det dei måtte få kjennskap til om dei personane som gjer bruk av Førstelinerettshjelpa.Ved å vende deg til Førstelinerettshjelpa samtykkjer du  at advokaten behandlar frivillig gitte personopplysingar.  Advokaten er behandlingsansvarleg for personopplysingane, og behandlinga vil skje i samsvar med personopplysingslova.

Ansvar, klage og tilsyn
Advokatane i Førstelinerettshjelpa er ansvarlege som ved ordinære advokat-oppdrag for dei råda som blir gitt.Advokatar er bundne av Reglar for god advokatskikk. Brot på desse kan påklagast til Advokatforeininga si disiplinærordning. Klaga må leggjast fram seinast seks månader etter at klagaren vart kjend med eller burde ha vorte kjend med det tilhøvet klaga byggjer på. Du kan få meir informasjon om klageordninga ved å vende deg til Advokatforeininga. Rettshjelparar er ikkje omfatta av denne klageordninga.

Timebestilling til  Servicetorget, Torget 1, 3570 Ål, 32 08 50 00.

Publisert
22.11.2011
Sist endret
11.01.2012

Kontaktinformasjon

Timebestilling:
Servicetorget - 3208 5000

Informasjonsbrosjyre om tenesta