Ordføraren si side
Me er arrangørkommunen!
Me er ein ganske liten kommune, men ser me på kva som skjer her, så er me faktisk store på aktivitetar og arrangement. Eg fann ut at ved å gå gjennom arrangementskalendaren, så kunne eg fastslå ei stor breidde og variasjon i det som skjer. Arrangementa utmerkar seg ved stor deltaking, høg grad av kvalitet og er godt kjende langt utanom Ål. I denne kategorien vil eg raskt nemne: Bendit Alpinfestival, Bendit Liatoppen Skiskyttarfestival, Ål cup handball, Folkemusikkveka, Ål cup fotball og mange fleire med lokal forankring og deltaking.
Eg spør meg ut frå dette om korleis ein får til slike store lyft år etter år? Svaret, slik eg ser det, er at i kvart arrangement er det ei kjerne av dyktige og uthaldande eldsjeler som kan arrangere og som greier å mobilisere mange friviljuge til innsats under arrangementsdagane. Her ligg det eit konsept som mange kommunar kan misunne oss! Denne måten å få til ting på, er eit kjempeaktivum for kommunen og noko som me bør bringe fram i ljoset og ta best mogeleg vare på.
Det friviljuge Ål er ein sterk ryggrad i lokalsamfunnet og bidreg med inntekter til næringslivet og organisasjonane, samt skapar trivsel og glede i bygda.
Eg vil med dette gje all mogeleg honnør til arrangørar og lag i Ål for den store verdien som ligg i arbeidet med arrangement!
Ivar Brevik
ordførar