Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Vigsel

Stortinget har vedteke lovendringar i ekteskapslova. Lovendringane innebærer at borgarleg vigselsmyndigheit vert overført frå og med 1. januar 2018.

hjerter

 

Kven kan gifte seg hos oss?

Både busette i Ål kommune og personar utanfor Ål kommune kan bli vigsla.

Vilkår

Vi må motta prøvingsattest frå dykk før vi kan gjennomføre vigsel.

Før ekteskapet kan inngås må ekteskapsvilkåra prøvast. Det vil seie at det skal kontrollerast at dei som skal gifte seg oppfyller vilkåra i ekteskapslova. Det er folkeregistret (skatteetaten) som prøver om ekteskapsvilkåra er oppfylt. Dersom vilkåra for ekteskap er oppfylt, utsteder Skatteetaten ein prøvingsattest. denne skal de sende saman med søknadsskjema.

Her finn du link til folkeregisteret (Skatteetaten) for deg som skal sende søknad om prøvingsattest.

Registreringsskjema for vigsel (Du må logge inn med BankId.)

Prøvingsattesten som vert utstedt er kun gyldig i fire månader. Det er eit krav etter ekteskapslova at prøvingsattesten må vere gyldig på dagen ein inngår ekteskapet. Sakshandsamingstid hjå Skatteetaten er 2-3 veker.

Dei som skal inngå ekteskap er sjølv ansvarleg for å søkje om prøvingsattest.

Stad

Ål kommune tilbyr vigsel i kommunestyresalen på Tingstugu og i Ål kulturhus. Vigsel kan finne stad på ein anna plass, men dette skal på førehand vere godkjent av vigslaren

Kven utfører seremonien?

Vigslar vert utført av ordførar eller varaordførar.

Seremonien

Vigslar kjem og møter dykk, og de vert vist inn i seremonirommet saman med vitnene og eventuelt andre de har invitert med til vigselen. Seremonien varar i 10-15 minutter. Vigslar les vigselsformularet, som er ein fastsett tekst for borgarerleg vigsel. Deretter vert de spurt om de vil ha kvarandre til ektefeller, før de vert  erklært for rette ektefolk. Til slutt undertegner de, vitner og vigslar ei vigselsmelding.

Det skal vere to vitner til stades under seremonien. Dette er vanlegvis forlovarar, men det kan ôg vere to andre myndige personar.

Kostnad

Sjølve vigsla og nytting av lokale på Tingstugu eller Ål kulturhus er gratis. Om brureparet ynskjer å å nytte andre lokale, må dei sjølv bestille og dekke kostnadene.Kostnader til pynt og dekorasjonar må dekkast av brureparet. det same gjeld musikk eller andre kunstnariske innslag. Om brureparet ynskjer å bli vigsla utanfor kommune sine grenser, men at vigslaren skal vere frå Ål kommune, må dette organiserast av brureparet sjølv. Dei må ôg dekke reiseutgifter for vigslaren og andre meirutgifter dette medfører for kommunen.

Reglement for vigslar i Ål kommune

Reglement for vigslar i Ål kommune.pdf

Relevante lenker

Søknad om prøvingsattest

Ekteskapslova

Forskrift om kommunale vigsler

Forskrift om registrering og melding av vigsel

Vedtak om borgarleg vigselsformular

Rundskriv om kommunale vigsler