Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kulturtilskot

Kulturtilskot

Ulike tilskotsordningar: Du kan søkje om tilskot til drift av lag for og med ungdom, til musikkorganisasjonar,  til vedlikehald av grendahus og  til idrettsarbeid. Faste tilskotsmottakarar må og sende inn søknad innan 15. desember kvart år.   Søknad om tilskot til prosjekt og einskildarrangement skal vera inne seinast to veker før prosjektet tek til eller arrangmentet finn stad.   Søknad om tilskot til integrering av flykningar kan gjelde både fast og einskilde arrangement.  Hjelp med utfylling av søknadskjema får du på servicetorget. 

Søknadsskjema for kulturtilskot

Retningsliner for kulturtilskot

Det ligg føre politiske føringar for tildeling av tilskot til kulturarbeid. Både einskildpersonar, grupper, lag og organisasjonar kan søkje på ulike tilskot til arrangement, drift og anna.
Retningsliner for tilskot finn du her

Arrangementsfond

9. Retningsliner for bruk av midlar frå arrangementsfondet  

9.1 Søknad

9.2 Kven kan søkje tilskot?

Organisasjonar, institusjonar og personar i Ål kommune kan få tilskot til å utvikle og realisera arrangement.

Det blir ikkje gjeve tilskot til lands- og fylkesorganisasjonar.

Arrangement som primært har som oppgåve å ta vare på medlemene sine yrkes- og eller økonomiske interesser og organisasjonar som ikkje er opne for alle, kan ikkje rekne med å få tilskot.

Reine kommersielle tiltak har ikkje rett på tilskot. 

 

9.3 Stønadsvilkår.

 

Fondet gjev tilskot til lokale arrangementet som har stor marknadsføringsverdi for Ål. Det kan og løyvast tilskot til eksterne arrangørar som ynskjer å ha eit arrangement i Ål. • Tilskot kan løyvast til alle typar utgifter i samband med arrangementet. • Tilskot kan ikkje løyvast til same arrangement to gonger. Unnatak kan gjerast dersom vesentlege endringar i arrangementet t.d. nye satsingsområde og/eller marknader er venta å gje vesentleg større ringverknader av arrangementet.

• For tilskot til samarbeidstiltak mellom arrangement i Ål vert det kravd 50 % eigenkapital.

Samarbeidstiltak mellom arrangement skal til ein kvar tid ha ein ansvarleg leiar.

 

Leiing - Delegering - avgjerdsmynde

Rådmannen avgjer søknader med søknadssum inntil 70 000 kroner.

Større søknader blir avgjort av næringsstyret.

Arrangementstilskot

Søknad om tilskot til prosjekt og einskildarrangement skal vera inne seinast to veker før prosjektet tek til eller arrangmentet finn stad. Sjå ellers retningsliner for tildeling av tilskot.

Søknadsskjema for arrangementstilskot

Integreringstilskot

Som eit ledd i arbeidet med å integrere flyktningar i lokalsamfunnet Ål ynskjer kommunen å yte tilskot til dei frivillige lag og organisasjonar som har eit særskild fokus på slike aktivitetar. Søknad om tilskot kan gjelde både fast og einskilde arrangement.

Søknadsskjema for integreringstilskot

Stipend til ungdom

Her finn du meir informasjon om kultur- og idrettsstipend til ungdom 

Tilskotsportalen