Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Samfunnsmedisin og miljøretta helsevern

Samfunnsmedisin

Alle kommunar pliktar etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester å ha ein kommuneoverlege som medisinskfagleg rådgjevar. Kommuneoverlegen arbeider med samfunnsmedisin, eit arbeidsfelt som er retta mot helsetilstanden i heile eller grupper av befolkninga, livsmiljø og samfunnsforholda befolkninga lever i. 

Arbeidsoppgåvene innan samfunnsmedisin er mellom anna:

  • Planlegging, kvalitetssikring og evaluering av tilhøve som vedkjem helse og helsetenester

  • Strategiar for helsefremjande og førebyggjande arbeid

  • Samhandling om helsetenester med helseforetaket og andre kommunar

  • Beredskap, risikovurderingar og smittevern

  • Miljøretta helsevern (sjå nedanfor) 

Kommuneoverlege i Ål: Øystein Lappegard, oystein.lappegard@aal.kommune.no
Tlf. 32985206 eller mobil 992 87 906.

Miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern omfatter alle miljøforhold som direkte eller indirekte kan ha innverknad på folk si helse. Dersom ein identifiserer forhold ved miljøet som kan påvirke helsa i negativ retning, handlar miljøretta helsevern vidare om å betre desse forholda. 

Det interkommunale samarbeidstiltaket Miljøretta helsevern, Hallingdal (MHVH), utfører tenester for kommunane Flå, Nes, Gol, Hemsedal, Ål og Hol. MHVH har kontor på Gol, samlokalisert med Mattilsynet.

Kommuneoverlegane i Hallingdal er fagleg overordna og utgjer styringsgruppa for arbeidet med miljøretta helsevern. 

Miljøretta Helsevern Hallingdal: Sjå eiga heinmeside: http://mhvh.no/no/hovedside/
Kontakt: Ingunn Håverstad 409 09 256 eller Line Aasli Moen 409 09 257 eller epost: post@mhvh.no