Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Rehabilitering, fysio- og ergoterapi

Ergoterapi

Målet for ergoterapi er å betre den einskilde sine høve til å utføre meinigsfulle aktivitetar og fungere i miljøet og i dagleglivet.

Tenester ergoterapi:

  • Kartlegging av funksjonsnivå og livssituasjon
  • Trening i kvardagslege aktivitetar
  • Planlegging og tilrettelegging av miljø
  • Hjelpemiddelformidling, søknader, utprøving og tilpassing
  • Råd og rettleiing om universell utforming for offentlege og private bygg
  • Informasjon, råd og rettleiing til brukarar og pårørande
  • Tverrfagleg brukarretta samarbeid

Aktuelle lenker:
NAV (Hjelpemiddelsentralen i Buskerud)

Kontakt:
Ergoterapitenesta i Ål
Ål bu- og behandlingssenter
3570 Ål

Telefon 3208 5262

Fysioterapi

Tenester kommunale fysioterapeutar:

  • Førebyggande tiltak i skular og barnehagar
  • Førebyggande tiltak i samarbeid med helsestasjonen
  • Friskliv, helsesamtale, trening i grupper
  • Rehabilitering og behandling i institusjon, poliklinikk og private heimar
  • Behandling og trening individuelt og i grupper i sal og varmtvatnbasseng
  • Hjelpemiddelformidling, søknader, utprøving og tilpassing

Tenester fysioterapeutar med driftsavtale:

  • Behandling og trening individuelt og i grupper
  • Rehabilitering i poliklinikk

Aktuelle lenker:
NAV (Hjelpemiddelsentral i Buskerud)

Kontakt oss:
Fysioterapitenesta i Ål
Ål bu- og behandlingssenter
3570 Ål

Kommunalt tilsette fysioterapeutar
Tlf 3208 5261 Avdelingsleiar
Tlf 3208 5263
Tlf 3208 5266

Fysioterapeutar med driftsavtale:
Finn Jahr: Tlf 3208 5265
Tore Larsson Tlf 3208 5264
Solveig Hagen Paulsen Tlf 3208 5264

Dagsenter - ergoterapi

Dagsenter - ergoterapi har tilbod om aktivisering og sosialt samvær for eldre og funksjonshemma. Skyss til og frå blir organisert av dagsenteret og skjer med eigen buss eller taxi. Fire aktivitørar har ansvar for den daglege drifta.

Tilbodet er gratis og blir tildelt etter behov.

Kontakt oss:
Dagsenter - ergoterapi
Avd. Fysio- ergoterapi
Ål bu- og behandlingssenter, 3570 Ål

Tlf 3208 5271
Tlf 3208 5270

Skjema for melding av behov

Friskliv

Logo Friskliv

Frisklivssentralen har eit strukturert henvisnings- og oppfølgingssystem for dei som kan ha nytte av å endre helseåtferd. det er helsepersonell eller NAV som skriv ut resept. Ein kan ôg kontakte Frisklivssentralen på eige initiativ. Ein treng ikkje å vere sjuk eller ha ein diagnose.
Frisklivssentralen er samlokalisert med ergo-/fysioterapiavdelinga.

"Mennesket er skapt for bevegelse. Et stillesittende liv fører derfor til økt sykdomsrisiko. Regelmessig fysisk aktivitet og trening kan forebygge sykdom, og til og med kurere en rekke sykdommer. Så enkelt er det egentlig, men likevel så vanskelig." (Aktivitetshåndboka 2008)

Vi kan hjelpe deg i gang! Frisklivssentralen Ål arrangerer frisklivstrening. Treningane er eit lågterskeltilbod og blir leia av fysioterapeut. Dei går kvar veke, og det er aldri for seint å starte!

Aktivitetar i Friskliv:

dine30 

Bli med på dine30 i 30 dagar
Frisklivssentralen i Ål har kampanje «Dine30 i 30 dagar» i perioden 28.august til 28.september

Vi følgjer opp aktivitetskampanja som Helsedirektoratet hadde i vår, og oppmodar om alle om å vere aktive på sin måte minst 30 minutt kvar dag frå 28.august til 28. september.

Du finn meir informasjon her

Skjema aktivitetsregistrering haust2017.pdf

 

logo "Dine 30"

 

Gruppetrening for dei med frisklivsresept.
Styrketrening innandørs på måndagar kl 16.30
Kondisjonstrening utandørs på torsdagar kl 10.00
Nærmare informasjon og timeplan kan du få ved å ta kontakt med frisklivskoordinator Live Berg tlf. 3208 5203/95980495.

I samarbeid med Friskliv i Hol, Gol, Hemsedal, nes og Flå blir det arrangert kosthaldskurs (Bra mat for betre helse) og røykesluttkurs.

Ved spørsmål, kontakt:
Frisklivskoordinator tlf 3208 5203/ 95 98 04 95. Kontor i avdeling fysio-/ergoterapi.

Heimevaktmester

Heimevaktmester yter tenester til eldre og funksjonshemma.
Heimevaktmester samarbeider nært med fysio- og ergoterapeutane i kommuna.

Heimevaktmester kan gje hjelp med følgjande:
Utkøyring, henting, montering/demontering av hjelpemiddel, reparasjon av hjelpemiddel, skifting av lyspærer, sikringar og liknande.
Snørydding etter søknad.

Skjema for melding av behov

Kontakt:
Heimevaktmester
Avdeling Fysio- ergoterapi
Ål bu- og behandlingssenter, 3570 Ål
Telefon 3208 5272
Mobil 9928 7944

Hjelpemiddel

Fysio- og ergoterapeut formidlar hjelpemiddel til personar med nedsett funksjonsevne etter sjukdom eller skade. Tilbodet gjeld alle aldersgrupper og alle som bur eller oppheld seg i Ål kommune.

NAV gjennom hjelepmiddelsentralen i Buskerud har ansvar for utlån ved varige behov.
Avdelinga hjelper med søknad. Ved akutte behov kan kommunen hjelpe med mellombels utlån frå sitt kottidslager inntil søknad vert innvilga.

Ål kommune har ansvar for utlån ved mellombels og kortare behov. Avdelinga har lager for slike korttidsutlån, og det er vanligvis ingen ventetid.

Avdelinga hjelper med søknader, utkøyring, tilpassing, montering, reparasjonar og retur.

Lenker:

Lov om folketrygd

NAV(Hjelpemiddelsentralen i Buskerud)

Kontakt:

Fysio- ergoterapitenesta Ål
Ål bu- og behandlingssenter, 3570 Ål
Telefon 3208 5262
Telefon 3208 5261

Koordinerande eining

Prosjektplan