Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Psykisk helse og rus

Kontakt

Eit telefonnummer inn til avdeling Psykisk helse og rus: 916 66 850
Kvardagar frå 08.00 - 15.30
For situasjonar som ikkje kan vente, kontakt legevakt 116 117

Psykisk helse

Psykisk helse handlar om vår evne til å meistre tankar, kjensler, åtferd og kvardagens krav i forhold til ulike livssituasjonar. Alle møter motgang i ei eller anna form ei eller fleire gonger i livet. God psykisk helse er viktig for å handtere slike påkjenningar, men god psykisk helse er ikkje sjølvsagt og heller ingen garanti mot å bli psykisk sjuk.


Rundt halvparten av oss får ei psykisk liding i løpet av livet. Meir kunnskap og informasjon om kvar det er hjelp å få, - og det å vere open om psykisk sjukdom, er viktig for å hjelpe den enkelte og førebyggje psykiske problem. Mange vil klare seg på eiga hand eller med støtte frå det sosiale nettverket som familie, vener og kollegaer. Andre vil også trenge støtte og behandling frå helsetenesta. Er hjelpa lett tilgjengeleg når ein treng det,  er det store muligheiter for å bli frisk.

Psykisk helsearbeid i kommunane er tiltak retta mot menneske med psykiske vanskar og sjukdom og konsekvensar av desse for den enkelte, deira familie og nettverk. Psykisk helsearbeid er også helsefremmande og førebyggjande, opplysningsarbeid og anna arbeid for å motverke stigmatisering og diskriminering. Psykisk helsearbeid i kommunen vert avgrensa mot psykisk helsevern, som er psykisk helseteneste på spesialisttenestenivå.

Tenester for vaksne

Akutthjelp

I kritiske eller livstruande situasjonar skal du straks ringe naudhjelpsnummeret 113. Forklar kva som har skjedd, fortel kva for ei adresse du ynskjer hjelpa til og kva for for eit telefonnummer du ringer frå.

Viss situasjonen ikkje er akutt, det vil seie at det ikkje er fare for liv og helse, kan du kontakte fastlegen din, eller næraste legevakt. I tillegg finst følgjande tilbod til personar som er i psykisk krise:

Ål legekontor

Støttesamtaler

Kvalifisert helsepersonell tilbyr støttesamtaler til personar med psykisk sjukdom, livskriser og/eller rusproblem. Allianse og tillitsforhold, stabilitet og kontinuitet er stikkord i oppfølging.  Ein behandlar/kontaktperson i psykisk helse formidlar tenester på andre område og kan vere talsperson/tilretteleggjar for at den som søkjer hjelp hentar ut sine rettar i det offentlege.

Det er ikkje nødvendig med tilvising frå lege. Den som er i behov for hjelp, kan sjølv ta kontakt. Andre samarbeidspartar som Nav, helsestasjon, Fretex m.m. kan også formidle kontakt.

Bustad og miljøteneste

Kommunen har etablert ulike tilpassa butiltak for personar med psykiske vanskar. Ein god bustadsituasjon er viktig for trivsel, meistring og livskvalitet.

Her finn du søknadsskjema for søknad om omsorgsbustad

Ynskjer du meir informasjon, kan du kontakte avd. psykisk helse ved Maj Britt Svartveit 3208 5335. Mobil 97425320

E-post: mbs@aal.kommune.no

Gruppetilbod:

Psykisk helse har to ulike aktivitetsgrupper, måndag ettermiddag er det styrke/sirkeltrening. Onsdag tur, torsdag  fotball/volleyball.

 

KID-kurs

Kurs i meistring av depresjon (KID) blir arrangert kvart år på Ål i januar/februar. Vi samarbeider med Hol og Gol kommune om å arrangere kurs. Kurset går over 8 veker, med to oppfølgingsmøte. Det kostar 600,- for å delta. Meld interesse til mbs@aal.kommune.no

Miljøteneste

Tilretteleggjing for meistring av daglege gjeremål, etablering av gode rutinar for å ha ein grei levestandard, økonomirådgiving, stimulere til aktivitet og sosialt nettverk er nokon av mange arbeidsområde miljøtenesta i Psykisk helse tilbyr. Omfanget av tenestene vert avtalt med den enkelte.

Nettverksmøtet

Når ein person har eit problem vil det ofte vere fleire personar og generasjonar som er berørt av problemet. Nettverksmøtet er eit møte der den som har det vanskeleg får hjelp til å samle dei som er viktigast og nærmast. det kan ofte vere lettare å finne vegen vidare når fleire tenker høgt saman.
Den som har eit problem velger sjølv kven som skal inviterast til møtet, kvar møtet skal vere og kva som skal vere tema på møtet.

Psykisk helse tilbyr netteverksmøte. Vi har tilsette som har utdanning i denne metoden og gode erfaringar med at involvering av nettverk gjer at ein vanskeleg livssituasjon vert lettare å bære og løyse.

Arbeid og aktivitet

Det er mogeleg å vere i arbeid til tross for helseplager. Å vere i arbeid, enten deltid eller heiltid, kan dessutan ha ein positiv effekt på helsa di. Nye behandlingstilbod og tettare oppfølging kan få deg raskare attende. Tilsette i Psykisk helse kan og hjelpe til med å legge til rette for små og store arbeidsoppdrag.

Lenke til NAV

Lenke til VINN'

Lenke til Fretex

 

Rusomsorg

Rusmiddelmisbrukarar har like rettar til tenester og tilbod i kommunen som andre innbyggjarar.

Gjennom råd, rettleiing og hjelpetiltak skal helsetenesta  hjelpe den enkelte å kome bort frå misbruk av alkohol og andre rusmidler.
På tilsvarande måte skal vedkomande sin familie få råd, rettleiing og hjelp.
Når det er behov for det og klienten ynskjer det, skal tenesta sørge for eit behandlingsopplegg. Dette opplegget kan blant annet omfatte oppnevning av støttekontakt, etablering av støtteopplegg på arbeidsplassen og kontakt med primærhelsetjeneste og spesialisttjenester.
Ansvar for trygdeytingar og økonomisk stønad har  NAV

Spesialisttenester

Treng du tenester frå spesialisttenesta er det fastlege eller legevakt som tilviser deg dit. Vestre Viken

Støttekontakt

Støttekontakt er eit tilbod til den som treng  hjelp til å delta på ulike fritidsaktivitetar eller ein person som kjem på besøk.
Meir informasjon får du ved å vende deg til pleie- og omsorgskontoret, tlf: 3208 5229

Søknadsskjema Melding om behov

Tannhelse

Personar som har tenester frå pykisk helse eller omsorgsavdelingane over tid, har rett til fri tannbehandling. Personalet formidlar kontakt til Ål tannklinikk

Varmestugu

Varmestugu er knutepunktet i avdelinga vår. Det er ein møteplass for brukarar og tilsette.
Varmestugu vart etablert i 1996, då kommunen overtok huset i Brattebakken 3. Der er alltid plass til alle som kjem innom.

Idegrunnlaget for huset står fast, vedteke av brukarar og tilsette:

  • Varmestugu er ein møteplass der du kan kome utan tilvising eller timeavtale
  • Her kan du kome om du treng å vere saman med andre eller nokon å prate med
  • Varmestugu er ein fristad – utan krav om at du skal vere nokon annan enn deg sjølv
  • Varmestugu skal gi den enkelte rom til å ta i bruk eigne ressursar til glede for seg sjølv og andre
  • Varmestugu ynskjer å inkludere eit fellesskap der alle har ansvar for kvarandre – og der du blir sakna om du uteblir

Aktivitetane på huset vert planlagt i Husmøtet, der brukarar av huset og personalet deltek. Aktivitetar som turar, måltid, trivselstiltak vert planlagt og utført i fellesskap.

Opningstider:
Måndag 09.00-15.30
Onsdag 09.00-20.00
Fredag 09.00-16.00
Laurdag 17.00-20.00

Varmestugu er no på Facebook, og du kan bli ven med oss der:

Tenester for barn, unge og familiar

Kommunen har ei rekke tenester for personar over 18 år med psykiske problem/i psykisk krise. I menyen til venstre finn du oversikt over aktuelle tenester for vaksne, og meir informasjon om kor du kan vende deg for å få hjelp.

I kritiske eller livstruande situasjonar skal du straks ringe naudhjelpsnummeret 113. Forklar kva som har skjedd, fortel kva for ei adresse du ynskjer hjelpa til og kva for for eit telefonnummer du ringer frå.

Psykisk helsearbeid for barn og unge

Barn og unge som treng ein samtalepart når dei har det vanskeleg må få hjelp til å kome i kontakt med kvalifisert helsepersonell.

Foreldre, lærar, helsesøster, lege eller andre som er kjend med eit behov kan ta kontakt med Psykisk helse i Ål kommune, aktuell fagpersonar tilknytt skulane er Ingeborg Frydenlund, tlf 9080650602.

Psykisk helse samarbeider med andre hjelpeinstansar i alle saker som angår barn.

Akutthjelp:
Viss situasjonen ikkje er akutt, det vil seie at det ikkje er fare for liv og helse, kan du kontakte fastlegen din, eller næraste legevakt. I tillegg finst følgjande tilbod til personar som er i psykisk krise: Ål legekontor 

 

Barne- og ungdomspoliklinikk for psykisk helse (BUP)
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk(BUP) er eit tilbod i spesialistehelsetenesta. Arbeidet er organisert som eit poliklinisk tilbod innan psykisk helsevern for barn og unge, og gir tilbod til barn, ungdom og familiane deira. BUP er først og fremst eit tilbod for å ta hand om problem som ikkje kan bli handsama i dei kommunale helsetenestene ; som fastlege, helsesøster, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) eller barnevernet.

Kontakt med BUP krev tilvising frå lege eller barnevernstenesta.

Barnevern
Kontaktinformasjon til barnevernstenesta i Ål kommune  finn du her Hallingdal barnevernteneste

Familievern 
Familieverntenesta er til for familiar, par, enkeltpersonar, unge og eldre. Familievernkontoret Hallingdal.er ei eiga stifting, men har driftsavtale med den statlege Barne-, ungdoms- og familieetaten.
Kva tilbyr vi?
Samtalar for dei som ønskjer betre kommunikasjon, konfliktløysing, generasjonsmotsetningar, sorg og tap, seksualitet, samværsavtaler, foreldre, mekling m.m.
Korleis arbeider vi?
Vi inviterer til samarbeid i form av samtalar. Vi har ingen "mirakel-løysingar" men saman kan vi arbeide for å finne løysingar som kan vere til hjelp for deg/dykk.

Fastlege

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon

Individuell plan

Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få ein individuell plann. I planen skal det mellom anna vere ein oversikt over kva tenester og tiltak du får, kven som skal gi dei og til kva tid de har avtalt å gjennomføre tiltaka. Dette gjeld alle typar tiltak, som til dømes behandling, sosiale tenester, hjelp til å skaffe bustad og arbeid og tilretteleggjing for å følgje jobb og skule.

Meir informasjon finn du her: Helsedirektoratet

Treng du hjelp til å få utarbeidd individuell plan? Melding om behov.pdf

Pedagogisk Psykologisk teneste (PPT)

 

Ressursteam

Rask hjelp ved bekymring.
Oppretting av ressursteam er ein del av Ål kommune si satsing på førebygging og tidleg innsats. Dette er eit tverrfagleg team

Her finn du meir informasjon om ressursteamet

Meir informasjon om psykisk helse

Morild

Rådgjeving om spiseforstyrringar

Klara Klok

Landsforeningen for pårørende innen psykiatri

Mental helse

Rådet for psykisk helse

Psykisk helse i skulen

Fylkesmannen i Buskerud

Statens informasjonsside til ungdom

Helse- og omsorgsdepartementet

Sjøvhjelpssider om kognitiv terapi

Snakk om rus

Psykisk helse og rus

Besøksadresse:

Helsetunvegen
3570 Ål

Posadresse:

Helsetunvegen

Telefon: 91666850

Kontaktperson: Maj-Britt Svartveit

Tittel: Avdelingsleiar

Telefon: 97425320