Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Parkeringsløyve for funksjonshemma

Tildeling av reserverte parkeringsplassar for funksjonshemma.

Parkeringsløyve for funksjonshemma gir i samband med transport av den som har fått løyve, lov til å parkere køyretøy i heile landet på reserverte parkeringsplassar for bevegelseshemma merka med offentleg trafikkskilt.
Beviset gir ôg rett til å parkere avgiftsfritt og utover lengste fastsette parkeringstid. Bevis blir gitt til personar som har ein bevegelsesshemming og evt. til organisasjonar som transporterer bevegelseshemma.
Personar som har motteke stønad til å kjøpe bil etter folketrygdlova fyller alltid vilkåra for å få parkeringsbevis.

Søknaden

Søknadsskjema er å få på Servicetorget. Legeerklæring og bilde skal leggjast ved.

Klage

Avslag på søknad om parkeringsløyve kan påklagast til Vegdirektoratet. Klager sendast til Ål kommune, 3570 Ål.