Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

NAV Ål

NAV Ål

Besøksadresse:

Torget 1
3570 Ål

Posadresse:

Torget 1
3570 Ål

Telefon: 5555 3333

Logo NAV

Nav Ål utfører oppgåver på vegne av kommunen og staten. Det lokale NAV-kontoret har ansvaret for følgjande sosiale tenester:

  • Økonomisk stønad (økonomisk sosialhjelp)
  • Opplysning, råd og rettleiing
  • Kvalifiseringsprogrammet
  • Mellombels butilbod (nødsituasjon)
  • Økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving

Om du ynskjer å snakke med ein gjeldsrådgjevar kan du ringe 800GJELD - 800 45353, eller du kan chatte med oss om økonomi
Denne tenesta er ope mellom 10.00 og 15.00 alle kvardagar.

Du kan lese meir om dei øvrige ulike tenestene her

Lån og tilskot til privatpersonar frå Husbanken

NAV Ål har har ansvar for sakshandsaming av søknader om tilskot til etablering i, og tilpassing av bustad for vanskelegstilte.
Du kan lesa meir om det på Husbanken sine nettsider.

Staten sine tenester i NAV-kontoret

NAV har ansvar for eit breitt spekter av tenester og tiltak til arbeidsgjevar, arbeidstakarar og arbeidssøkjarar. NAV har ôg ansvar for ei rekkje ytingar, som kompenserer for bortfall av inntekt eller for særskilte utgifter.

Kontaktpunktet ditt i forhold til desse tenestene vil i all hovudsak vera NAV Ål. Du kan kome i kontakt med oss på telefon eller ved personleg frammøte på NAV-kontoret.

Du kan ôg skrive til oss på www.nav.no ved å gå inn på "Ditt Nav". Krev innlogging.
Her finn du lenke til denne sida

Ynskjer du nærare informasjon om dei ulike tenestene og ytingar frå NAV, kan du besøke nettsidene våre på www.nav.no

Ei rekkje søknadsskjema er tilgjengeleg for elektronisk utfylling og innsending.

NAV: 5555 3333

NAV Pensjon: 5555 3334